Meisterligaen 2015

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2015 - Barcelona øvst på arenaen

Meisterligaen 2015 var den 23. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den spanske klubben FC Barcelona vann turneringa den 6. juni 2015 på Olympiastadion i Berlin med siger 3-1 over italienske Juventus. 70 422 tilskodarar såg finalekampen frå tribunane i Berlin.

Ivan Rakitić sende Barcelona i føringa i det 4. minutt, før Álvaro Morata utlikna etter 55. minuttars spel. I det 68. minutt gav Luis Suárez Barcelona leiinga på ny, medan Neymar la på til 3-1 langt ute i plusstida.

FC Barcelona sikra seg dermed sin fjerde triumf i Meisterligaen i løpet av ti sesongar; 2006 til 2015.

Lagoppstillingane[endre | endre wikiteksten]

Barcelona: Marc-André ter Stegen, Dani Alves, Gerard Piqué, Javier Mascherano, Jordi Alba, Sergio Busquets, Ivan Rakitić, Andrés Iniesta, Lionel Messi, Luis Suárez og Neymar. Xavi Hernández kom inn for lagkapteinen Iniesta i det 78. minutt, medan Jérémy Mathieu og Pedro Rodríguez kom inn i sluttminuttane.

Juventus: Gianluigi Buffon, Stephan Lichtsteiner, Andrea Barzagli, Leonardo Bonucci, Patrice Evra, Andrea Pirlo, Claudio Marchisio, Paul Pogba, Arturo Vidal, Carlos Tévez og Álvaro Morata. Mot slutten av 2. omgang tok etter tur Roberto Pereyra, Fernando Llorente og Kingsley Coman plassane til høvesvis Vidal, Morata og Evra.

Kampleiaren Cüneyt Çakır var frå Tyrkia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]