Mel Lewis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mel Lewis

Fødd10. mai 1929
FødestadBuffalo i New York
Død2. februar 1990 (60 år)
DødsstadNew York by
OpphavUSA
Aktiv1954–1990
Sjangerjazz
Instrumenttrommesett
PlateselskapNimbus Records, Atlantic Records
Verka somorkesterleiar, dirigent, jazzmusikar

Mel Lewis (10. mai 19292. februar 1990) var ein amerikansk trommeslagar og bandleiar. Han var fødd i Buffalo, New York av russiske foreldre. Fødenamnet hans var Melvin Sokoloff.

Lewis starta å spele profesjonelt som tenåring, og han kom med I Stan Kenton sitt band i 1954. Seinare flytta han til Los Angeles i 1957, og attende til New York i 1963.

I New York starta han Thad Jones/Mel Lewis Big Band med Thad Jones. Gruppa starta med uformelle jamsessions med toppmusikarar frå New York, men etterkvart byrja dei å opptre for pubikum. I 1979 fekk dei ein Grammy for albumet Live in Munich.

I 1978 flytta Jones til Danmark, og bandet endra namn til Mel Lewis Jazz Orchestra. Han heldt fram med å leie bandet, spele inn plater og opptredde på Village Vanguard kvar måndagskveld nesten like fram til han døydde.

Lewis sitt cymbalspel var unikt, og det skapte ein særeigen og lett gjenkjenneleg stil. Han vart nominert til Grammyprisen fjorten gonger, skreiv ei trommebok og underviste på William Patterson State College i New Jersey.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]