Melaine Walker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melaine Walker


Statsborgarskap Jamaica
Fødd 1. mars 1983 (41 år)
Kingston på Jamaica
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Samveldeleikane 2006

Melaine Walker (fødd 1. mars 1983) er ein jamaicansk friidrettsutøvar frå Kingston som vart olympisk meister på 400 meter hekk i 2008 og året etter verdsmeister i same øvinga. I 2011 vann ho VM-sølv i spesialøvinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Walker fekk sitt store gjennombrot då ho under Sommar-OL 2008 i Beijing vann finalen på 400 meter hekk med tida 52,64 sekundar, eit heilt sekund framom sølvvinnaren. Året etter vann ho gullmedaljen på langhekken under VM i friidrett 2009 i Berlin, halvsekundet framfor Lashinda Demus. Etter eit perfekt disponert løp vart vinnartida 52,42 sekundar, den nest beste i øvinga nokon gong. To år seinare var rollene omsnudd, Demus vart verdsmeister i Daegu gjennom sitt aller beste langhekkløp, Walker tok sølvet etter 52,73 sekundar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]