Mellomordovicium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mellomordovicium er den andre epoken i perioden ordovicium, og varte frå 472 til 461 millionar år sidan. På denne tida dekte varmt, grunt hav det meste av landområda og innehaldt eit rikt dyreliv. Tradisjonelt har mellomordovicium vorte delt inn i aldrane llanvirn og llandielo, men desse har no vorte erstatta av to nyare aldrar kalla ordovivium III og darriwilium.

Nord-Amerika låg på denne tida på begge sider av ekvator, medan superkontinentet Gondwana nærma seg Sørpolen. Gondwana inkluderte Sør-Amerika, Afrika, India, Antarktis, Australia og Sør-Europa.

Tidleg ordovicium hadde vore dominert av trilobittar, men vart no erstatta av eit meir blanda økosystem, som inkluderte armføtingar, mosdyr, muslingar og pigghudingar. Det var rikt på tabulatkorallar og dei første rugosakorallane oppstod. Planktonliknande graptolittar var framleis mangfaldige og diplograptinar dukkar opp. Bioerosjon vart ein viktig prosess, særleg i dei tjukke kalsittskjela til korallane, mosdyra og armføtingane og eit omfattande lag med karbonatbergrartar oppstår i denne tida.

Den tidlegaste kjende virveldyret, ein pansra kjevelause fisk (ostracoderm) kalla arandaspis er funne i Australia og er datert til mellomordovicium.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Ordovicium
Nedre/tidleg ordovicium Mellomordovicium Øvre/sein ordovicium
Tremadocium | Floium Dappingium | Darriwilium Sandbium | Katium
Hirnantium