Memurubu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°29′26.95″N 8°37′48.25″E Memurubu er ei turisthytte i Lom kommune i Oppland. Hytta ligg 1008 m.o.h., ved nordbreidda av Gjende i Meurubudalen. Her er 150 sengeplassar.

Memurubu var opphavleg ei steinbu, som vart kjøpt inn av Den Norske Turistforening i 1870. Ei privat turisthytte vart oppført på same stad i 1893 og er seinare utvida. Nybygg stod ferdig i 1993. Den gamle hovudbygningen vart 25. august i 1998 totalskadd i brann, men vart bygd opp att og opna i 2002 med plass til 150 senger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]