Gjende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gjende
Gjende - Gjende sett frå aust mot vest i retning av Memurubu og Gjendebu.
Gjende sett frå aust mot vest i retning av Memurubu og Gjendebu.
Stad Vågå (Oppland)
Koordinatar 61°29′22″N 08°40′48″EKoordinatar: 61°29′22″N 08°40′48″E
Største lengde 18 km
Største breidde 1,5 km
Overflateareal 15,64 km²
Største djupne 149 m
Kystlengd1 40,32 km
Høgd over havet 984 moh.
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Gjende er ein innsjø i Jotunheimen. Gjende ligg 984 moh. og har eit areal på 14 km². Sjøen er lang og smal – i luftlinje 18 km lang og 1,5 km brei på det breiaste. Største djup er 149 m. Gjende har ein karakteristisk smaragdgrøn farge på grunn av dei store mengdene morenemasse som vert ført med elva Muru ut i Gjende.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Gjende i august 2005.
Foto: John Erling Blad

Gjende ligg midt i Jotunheimen og både nord og sør for sjøen ligg toppar på godt over 2 000 m. Ved vestenden ligg Gjendebu, på nordsida ligg Memurubu og ved austenden ligg Gjendesheim. Om sommaren går det båtrute mellom desse tre stadene.

Elva Sjoa renn ut frå Gjende, ved Gjendesheim, og ender i Gudbrandsdalslågen.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Gjende sett frå Besseggen.
Foto: Johan Fredrik Øhman

Namnet Gjende er gudbrandsdalsdialekt, og er den offisielle varianten av namnet ettersom sjøen ligg i Lom og Vågå kommune. På vangsdialekt heiter sjøen Gjendin, nokon ein finn igjen i namnet Henrik Ibsen brukte om Besseggen i skodespelet Peer Gynt: Gjendineggen, eller Gendineggen i den tidas staving.

Sjøen har gjeve namn til to kjende personar; friluftsmannen Jo Gjende og budeia Kaia Gjendine Slaalien.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]