Mesoamerika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Området Mesoamerika

Mesoamerika er det geografiske området som strekkjer seg frå det sentrale Mexico i nord og sørover mot den nordvestre grensa mot Costa Rica. Mesoamerikansk er eit omgrep som vert assosiert med ei gruppe kulturar og sivilisasjonar som voks opp i området før Christofer Columbus kom til den nye verda. Kulturane var lagdelte og relaterte til kvarandre.

Fellestrekk for dei mesoamerikanske kulturar er mellom anna intensivt landbruk med vekt på maisproduksjon. Religiøse skikkar inkluderte rituelle blodoffer, tilbeding av solgudar, regngudar, og ein fjørkledd slangegud (Quetzalcoatl). Vi finn nokre tempel bygd på toppen av store trinnpyramidar, ein rituell kalender på 260 dagar, samt ein solårkalender.

Dei mest kjente mesoamerikanske sivilisasjonane er olmekar, mayaer, mixtekar, zapotekar, huastekar, tarascan, teotihuacan, totonak, toltekar og aztekar. Nahuatl var lingua franca i Mesoamerika i over tusen år, frå 600-talet og heilt fram til 1700-talet då spansk tok over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]