Michael Getz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michael Getz
Michael Getz.jpg
Fødd 15. januar 1816
Trondheim
Død

13. august 1875
Verdal

Yrke kjøpmann, politikar
Michael Getz på Commons

Michael Getz (15. januar 181613. august 1875) var ein norsk handelsmann og politikar frå Trondheim.

Getz var son til ein kjøpmann i Trondheim. Sjølv var han handelsfullmektig i fødebyen. Han var i mange år medlem av bystyret i Trondheim, tidvis som ordførar. Getz var elles styreformann i den lokale sparebanken frå 1868 og medlem av styret i Noregs Bank frå 1869. I 1872 var han med i den skandinaviske komiteen som drøfta myntstellet, eit arbeid som resulterte i overgangen til kroner i myntsystemet i staden for dalar.

Getz representerte valkrinsen Trondhjem og LevangerStortinget både i 1865-66 og 1871-73, dessutan vart han vald til 1. representant frå same krinsen for perioden 1874-76. Grunna sjukdom møtte han korkje i 1873-sesjonen, eller seinare. Han var medlem av Lagtinget og sekretær i bankkomiteen både i 1865-66 og 1871-72. I tillegg var han medlem av jarnbanekomiteen i 1871-72 og med i Stortinget sin deputasjon til 1000-årsfeiringa i Haugesund sommaren 1872.

Sommaren 1875 døydde han under eit opphald på Sandvika fjellstue ved svenskegrensa i Verdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]