Michael Staksrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michael Staksrud
Michael Staksrud c1930b.jpg
Fødd 2. juni 1908
Gran
Død

10. november 1940
Gjersjøen

Yrke skøyteløpar
Michael Staksrud på Commons

Michael Staksrud (2. juni 190810. november 1940) var ein norsk skeiseløpar frå Tingelstad i Gran kommune. Han vart i tida 1930-37 verdsmeister tre gongar, europameister to gongar og norsk meister ved to høve. I alt vann han til saman 15 meisterskapsmedaljar i NM, VM og EM i tida 1929-37. Staksrud var etter tur medlem i Brandbu Idrettsforening, Hamar Idrettslag og Oslo Skøiteklub. Saman med Ivar Ballangrud og Hans Engnestangen utgjorde Staksrud «Hadelandstrioen».

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Staksrud, som var son til ein gråsteinsmurar, debuterte i skeise-VM med ein sjetteplass i 1927. Året vart han nummer fem i VM, og i 1929 kom han på bronseplassen. I 1930 tok han på Frogner stadion sin fyrste VM-tittel, ein prestasjon han gjentok både i 1935 og 1937. Ved verdsmeisterskapen i 1932 og 1933 vart han begge gongane andremann. Staksrud vart noregsmeister i 1932 og 1934, i 1934 kleiv han også heilt til topps i europameisterskapen på Hamar.

Tre år seinare vann Staksrud i Davos EM for andre gong. Under 1500-meteren i Davos gjekk han i par med landsmannen Hans Engnestangen. Begge gjekk langt fortare enn Oscar Mathisen sin 23 år gamle verdsrekord på 2.17,4. Staksrud vann parløpet på rekordtida 2.14,9, eitt tidels sekund framom Engnestangen. Samstundes steig han til topps på den såkalla Adelskalenderen, ein posisjon han hadde i to år.

Staksrud vart i 1937 tildelt Morgenbladets gullmedalje for sine mesterskapstriumfar i EM og VM. Han drukna i Gjersjøen i Oppegård hausten 1940 under uklare omstendende etter ein fest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]