Gjersjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjersjøen
innsjø
Gjersjoen.jpg
Fylke Viken
Kommune Nordre Follo
Høgd over havet 40[1] moh
Areal 2,64[1] km²
Middeldjupn 63,5[2] m

Gjersjøen
59°46′0″ N 10°46′0″ E
Wikimedia Commons: Gjersjøen

Gjersjøen er ein innsjø i Nordre Follo og Ås kommunar i Akershus i Viken fylke. Sjøen er 2,64 km², ligg 40 meter over havet og har ei maksimaldjupne på 63,5 meter. Gjersjøen er drikkevasskjelde for Nordre Follo og Ås kommunar.

Gjersjøen får tilrenning frå Kolbotnvannet via Kantorbekken i nordaust, og langs E 18 frå sør kjem Vassflobekken. I søraust kjem Dalsbekken frå Nærevannet via Midsjøvannet og Rullestadtjernet, og dessutan Tussebekken frå Tussetjern og fleire småtjørn i Sørmarka. Gjersjøen har avrenning til Bunnefjorden gjennom Gjersjøelva som munnar ut like sør for Hvervenbukta. Det er ein del ulike arter fisk i innsjøen som abbor, gjedde, mort og fleire karpeartar som brasme, sørv og ørekyt. Gjørs er sett ut og det er òg registrert ål og kreps i sjøen. På 1970-talet blei det meld observasjon av hork, men stadfesting på dette er ukjend.

Den sørlege delen av sjøen, Slorene, er naturvernsområde (våtmarksområde), etter plan- og bygningsloven § 12-7 nr. 6.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «NVE Atlas». Vassdrag – Innsjødatabase. Norges vassdrags- og energidirektorat. Vitja 4. februar 2015
  2. «NVE Atlas». Vassdrag – Innsjødatabase – Dybdekart. Norges vassdrags- og energidirektorat. Vitja 4. februar 2015
  3. Faktaark, PURA

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]