Vinter-OL 1928

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei 2. olympiske vinterleikane
Vertsby St. Moritz, Sveits
Deltakande nasjonar 25
Deltakarar 464
Øvingar 14 i 6 idrettsgreiner
Opna 11. februar 1928
Avslutta 19. februar 1928

Vinter-OL 1928 vart arrangert i St. Moritz i Sveits. Dette var dei fyrste verkelege vinterleikane, i og med at dei vart arrangert separat, og ikkje i tilknyting til sommarleikane. Leikane i Chamonix i 1924 vart fyrst i ettertid gjeve status som Vinter-OL. Desse vinterleikane erstatta òg dei nordiske vinterleikane, som hadde vorte avhalde kvart fjerde år sidan tidleg på 1900-talet.

Noreg vart beste nasjon, og tok seks gullmedaljar:

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Ole Reistad, som deltok i militært patruljeløp.

Medaljestatistikk[endre | endre wikiteksten]

Dei beste nasjonane Olympic rings without rims.svg
Plass Land Gull Sølv Bronse Totalt
1 Flag of Norway.svg Noreg 6 4 5 15
2 Flag of the United States (1912-1959).svg USA 2 2 2 6
3 Flag of Sweden.svg Sverige 2 2 1 5
4 Flag of Finland.svg Finland 2 1 1 4
5 Flag of France.svg Frankrike 1 0 0 1
6 Flag of Canada (1921–1957).svg Canada 1 0 0 1
7 Flag of Austria.svg Austerrike 0 3 1 4
8 Flag of Belgium.svg Belgia 0 0 1 1
8 Flag of Switzerland.svg Sveits 0 0 1 1
8 Flag of the United Kingdom (3-5).svg Storbritannia 0 0 1 1
8 Flag of Germany.svg Tyskland 0 0 1 1
8 Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 0 0 1 1