Michelson-Morley-eksperimentet
Michelson-Morley-eksperimentet var eit eksperiment utført av Albert Michelson i Berlin i 1881 etter eit tidlegare forslag av James Clerk Maxwell. Eksperimentet vart gjenteke og forbetra av Michelson og og Edward Morley i Cleveland i 1887, og vert omtala som Michelson-Morley-eksperimentet.
I eksperimentet prøvde dei å påvise den relative rørsla til materie gjennom den stasjonære eteren. Dei negative resultata er generelt rekna som dei første sterke bevisa mot den då rådande eterteorien, og sette i gang forsking som førte til spesiell relativitet, der omgrepet stasjonær eter ikkje spelar noko rolle.[1] Eksperimentet har vorte omtalt som «startskotet for den andre vitskaplege revolusjonen».[2]
Eksperimentet har vorte utført på nytt av mange andre seinare med stadig større grannsemd. Desse omfattar eksperiment frå 1902 til 1905 og ei rekkje eksperiment i 1920-åra. I tillegg har nyare resonatoreksperiment stadfesta at det ikkje finst noko etervind ved 10−17-nivået.[3][4] I lag med Ives–Stilwell- og Kennedy–Thorndike-eksperimentet dannar det ein av dei grunnleggande testane for teorien om spesiell relativitet.[5]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Michelson–Morley experiment» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Roberts, T; Schleif, S; Dlugosz, JM (ed.) (2007). «What is the experimental basis of Special Relativity?». Usenet Physics FAQ. University of California, Riverside.