Mika Halvari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mika Halvari

1994 Mika Halvari.JPG

Statsborgarskap Finland
Fødd 13. februar 1970
Kemi
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Mika Kristian Halvari (fødd 13. februar 1970) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar frå Kemi, som tevla i kulestøyt. Han vann sølvmedaljen under VM 1995 i Göteborg og tok gullet i innandørsmeisterskapen tidlegare same året. Tre gongar vart han finsk meister i kulestøyt, og han har den nordiske rekorden i kulestøyt med 21,50 meter; innandørs har han elles nådd 22,09 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Halvari slo seg inn i den finske toppen i kulestøyting i 1990, då han tok sølvmedaljen i den nasjonale meisterskapen. Her nådde han 18,38 m i finalen, nøyaktig same resultatet fekk han året etter då han tok eit nytt FM-sølv. Tidleg i august 1993 persa han med 20,08 m, hans fyrste resultat over 20 meter. I 1994 vann han i Tuusula den fyrste av tre gullmedaljar i øvinga i finske meisterskap etter eit bestestøyt på 19,79 m. Same sesongen vart europameisterskapen i friidrett avvikla i heimlandet, der han nådde 19,52 m og hamna på fjerdeplass.

Året 1995 nådde Halvari toppen som kulestøytar. 10. mars 1995 vart han verdsmeister innandørs med 20,74 m, meisterskapen gjekk av stabelen i Barcelona. 9. juli støytte han kula heile 21,50 m i Hämenkyro, og knapt to veker seinare vart han finsk meister i Lapua med 21,10 m,. Den 9. august tok han VM-sølvet i øvinga med 20,93 m, men vart slått med vel halvmeteren av John Godina frå USA.

Etter eit svakare år i 1996 kom Halvari tilbake med femteplass i VM 1997, og eit årsbeste på 21,11 m. Han vann sitt tredje og siste nasjonale meisterskapsgull, med 20,46 m i Villmanstrand. Sesongen etter la han på åtte centimeter i den finske meisterskapen, men vart då vist til sølvplassen. Under EM 1998 måtte han også ein plass ned på resultatlista samanlikna med VM året før, endå om han la på lengda med 20 cm. Både i 1999- og 2000-sesongen nådde Halvari 21-meteren utandørs, høvesvis 21,00 og 21,04 m. Sjølv om han vinteren 2000 støytte kula heile 22,09 m, var han ikkje lenger i stand til å tevle med dei aller beste om medaljane.

Mika Halvari la opp i 2004.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]