Mina Hadjian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mina Hadjian
Fødd 10. oktober 1975
Teheran
Yrke radioprogramleiar

Mina Helen Hadjian (fødd 10. oktober 1975) er ein norsk programleiar i NRK P3 og NRK2.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hadjian voks opp i London og på Kråkerøy i Fredrikstad. Ho har studert marknadsøkonomi ved Norges Markedshøyskole i Oslo og Marketing Communications, fransk og italiensk på Greenwich University i London.

Yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Hadjian debuterte på TV den 16. april 2007 i programmet Usett: Mina. Programmet fekk terningkast 1 av VG, som dagen etter skreiv at Mina skulle «tatovere terning-1'eren i rumpesprekken» — eit spark til forfattaren Ari Behn, som hadde fått tatovert eit terningkast 6.

Før NRK P3 var Hiadjian produsent i MTV Europe i London. Ho har og jobba i Kanal 24 og NRJ.

Konfliktar[endre | endre wikiteksten]

I juni 2007 vart Mina felt på fem punkt i Pressens Faglege Utvalg, for hets mot framstegspartipolitikaren Terje Søviknes i samband med eit direkteintervju.

Den 17. oktober 2007 vart det kjend at Mina var blitt sagd opp av NRK. Bakgrunnen var samarbeidsproblem med leiinga og kollegane i NRK. Opseiinga skjedde like etter at Mina skjelte ut P3 og produsenten på direkten da teknikken svikta i den andre halvdelen av det direktesendte programmet «Mina». P3 reagerte først med å fjerne programmet frå resten av veka, men så kom meldinga om at ho fekk sparken.[1]

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Hadjian var ein av programleiarane for talkshowet Studio 5 som gjekk på tv-kanalen FEM frå 2008 til 2010.[2]

Hausten 2010 var Hadjian ein av kjendisane i TVNorge sin kjendisversjon av serien 71° nord.

I heile 2013 dreiv Mina Hadjian pilotprosjektet Radio Inside i Halden Fengsel. Radioprogram laga i samband med prosjektet blei sende både innanfor og utanfor fengselet. I november 2013 stifta ho Røverhuset saman med Gyrid Listuen, eit prosjekt ved Oslo Fengsel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Børja, Eivind KristensenGeir BarsteinVeslemøy LodeMaria (17. oktober 2007), «P3-ledelsen fikk nok av Mina», Dagbladet.no (på norsk), henta 20. januar 2019 
  2. Dagbladet: Eli Hagen mister jobben

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]