Terje Søviknes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Terje Søviknes
none  Terje SøviknesFoto: FrPMedia
Terje Søviknes
Foto: FrPMedia
Fødd 28. februar 1969 (48 år)

Os

Parti Framstegspartiet
1. verv Norske olje- og energiminister
 - periode 20. desember 2016–
 - regjering Solberg
 - føregjengar Tord Lien
2. verv Ordførarar i Os
 - periode oktober 1999–desember 2016
 - føregjengar Geirmund Dyrdal
 - etterfylgjar Marie Lunde Bruarøy
3. verv 2. nestleiar i Framstegspartiet
 - periode mai 1999–januar 2001
 - føregjengar Vidar Kleppe
 - etterfylgjar John Alvheim

Terje Søviknes (fødd 28. februar 1969) er ein norsk politikar (Frp) som frå 20. desember 2016 er olje- og energiminister i regjeringa Solberg.[1]

Han var ordførar i Os kommune i Hordaland frå 1999 til 2016. Søviknes er også gruppeleiar for Framstegspartiet i Hordaland fylkesting, og vart i 2005 utnemnd som formann i Frps kommunalpolitiske utval. Han var 2. nestleiar i partiet 1999–2001.

Liv og karrière[endre | endre wikiteksten]

Terje Søviknes kjem frå frå Søvikneset i Lysefjorden i Os kommune. Han er utdanna sivilingeniør.

Terje Søviknes vart ordførar i Os i 1999, og vart med det den første Frp-ordføraren i landet. Os kommune vart då omtalt som Framstegspartiet sitt «utstillingsvindauge» og Søviknes' popularitet og politikk gav han tilnamnet «Trollmannen frå Os» i mange aviser.

Terje Søviknes var frå 1999 til 2001 nestformann i Framstegspartiet saman med Siv Jensen og var ein profilert rikspolitikar. Han vart i denne perioden ofte omtalt som dåverande partiformann Carl I. Hagens naturlege etterfølgjar.[2] Han trekte seg frå alle rikspolitiske verv i januar 2001 etter at det vart kjend at han hadde hatt seksuell omgang med ei 16-årig jente på ein fest i Langesund etter eit landsmøte i Framstegspartiet Ungdom. Siv Jensen og partileiinga vedgjekk seinare at dei kjende til saka då Søviknes vart nominert på førsteplass på Hordaland Frps liste til stortingsvalet 2001. Søviknes haldt fram som ordførar, men var ikkje innblanda i rikspolitikken før hausten 2002 då han var innleiar på partiets landskonferanse. Frå 2003 har han vore tilstades på landsmøta. Siv Jensen uttrykte at ho ønskjer Terje Søviknes tilbake i rikspolitikken.[3]

Ved kommunevalet i 2003 gjekk FrP si oppslutning i Os frå 36,6 til 45,7 prosent - ein framgang på nær ti prosentpoeng i forhold til valet i 1999. Os vart òg den kommunen i Noreg der partiet hadde størst tilslutning. I valet i 2007 oppnådde framstegspartiet 44,8 prosent i Os.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Karen Tjernshaugen, Solveig Ruud og Tarjei Kramviken (2016-12-20). Erna Solberg presenterte tre nye statsråder på Slottsplassen. Aftenposten. Vitja 2017-06-03.
  2. Kristian Skard (2010-09-17). Min epoke går mot slutten. Dagbladet. Vitja 2017-06-03.
  3. Margunn Ueland (2006-10-09). Søviknes vurderer comeback. Aftenbladet. Arkivert frå originalen den 2011-08-12. Vitja 2017-06-03.
  4. Resultater for Os i Hordaland - Kommunestyrevalget. Regjeringa (2007-09-11). Arkivert frå originalen den 2008-01-06. Vitja 2017-06-03.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]