Minnehallen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minnehallen utanfor Stavern
Utsyn frå Minnehallen - mot Korntin
Det symbolske altaret med Herman Wildenveys dikt til sjøfolka

58°59′29″N 10°02′13″E / 58.99139°N 10.03694°E / 58.99139; 10.03694 Minnehallen (Sjømennenes Minnehall) på toppen av eit berg ut mot havet utanfor Stavern, er ein bygning reist som eit nasjonalt minnesmerke til heider for dei norske sjøfolka i handelsflåten, krigsseglarane, som mista livet under første verdskrigen, 1914-1918.[1] Etter andre verdskrigen, 1939-1945, vart òg dei sjøfolka i handelsflåten som mista livet i denne krigen heidra med dette minnesmerket.

Inne i krypten i bygningen er 1 892 namn etter falne i første verdskrigen og 3 456 falne etter andre verdskrigen innskrive på 32 koparplater. Dessutan vart det 8. mai 2015 montert i krypten fire minneplater over 890 sjøfolk som omkom i innanriksfarten i Noreg under krigen 1940-1945. Alle namna er dessutan samla i bøker og elektroniske register tilgjengelege for publikum.

Bygningen og utsmykkinga[endre | endre wikiteksten]

Minnehallen vart innvigd 1. august 1926 av kong Haakon VII, etter to års byggearbeid.[1] Bygningen har pyramideform, og er bygd i betong med ytre av larvikittblokker frå fjellet i nærleiken. Arkitektar var Andreas Hesselberg Bjercke (1883-1967) og Georg Eliassen (1880-1964), som vann arkitektkonkurransen for minnesmerket i 1923. Tanken attom pyramideformen på bygningen og valet av materialet, var å få minnesmerket til å likne på eit sjømerke og ein varde. Byggearbeidet stod V. Thorenfeldts entreprenørfirma frå Larvik for.

Den kunstneriske utsmykkinga hadde bilethoggaren Nic Schiøll hand om. Ein 32 meter lang frise i hovudhallen skildrar tilværet til sjøfolk i fleire livsfasar. Framfor ein sarkofag med det norske flagget står skulpturen «Mot dypet».

Herman Wildenvey sitt dikt til sjøfolka finst på eit symbolsk altar i hovudhallen:

Landets egne, mand og kvinde,
Konge, folk og raad,
reiste dette æresminde
over sjømends daad...

Minnehallen er open for publikum dagleg frå 15. mai til 31. august.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Minnehallen.no». minnehallen.no (på norsk bokmål). Henta 11. november 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]