Mohammed Najibullah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mohammed Najibullah
President i Afghanistan
Regjeringstid 30. september 1987 - 16. april 1992
Fødd Flagget til Afghanistan Kabul i Afghanistan, 6. august 1947
Død Flagget til Afghanistan Kabul i Det islamske emiratet Afghanistan, 28. september 1996
Føregjengar Haji Mohammad Chamkani

Mohammed Najibullah (6. august 194728. september 1996) var den siste kommunistiske presidenten i Afghanistan, og styrte landet mellom 1987 og 1992. Najibullah prøvde å skape fred i Afghanistan med forhandlingar med terroristane som allereie då herja i landet. Najibullah er ofte kjend under kallenamnet «Najib».

Ungdom[endre | endre wikiteksten]

Najibullah var utdanna lege, og tok eksamen på Universitetet i Kabul i 1975. Najibullah vart rekna som ein intelligent mann. Han gjekk under klengenamnet «Najib-e-Gaw», som tydar 'oksen'.

Najibullah vart medlem i det kommunistiske Demokratisk Folkeparti i 1965. Han vart vald inn i Sentralkomitéen i partiet i 1977.

Revolusjon[endre | endre wikiteksten]

I april 1978 kom revolusjonen, og partiet til Najibullah tok over regjeringsmakta etter å ha myrda president Mohammed Daoud Khan. Likevel fekk den styrande Khalq-fraksjonen meir og meir makt, og Parcham-fraksjonen som Najibullah høyrde til hadde etter kvart lite verknad i afghansk politikk. Etter at dåverande statsministar Hafizullah Amin tokk over som president etter at han drap president Nur Mohammad Taraki og innførte eit stalinistisk autoritært regime, vart dei aller fleste parchamistane med høge stillingar, inkludert visepresident Babrak Karmal, saman med mange mektige khalqistar som han såg på som politiske motstandarar, fjerna frå stillingane sine. Babrak Karmal, som leia Parcham-fraksjonen, vart sendt i eksil til Tsjekkoslovakia som ambassadør for Afghanistan. Najibullah vart ambassadør i Iran.

Sovjetunionen invaderte Afghanistan allereie i desember i 1979. Dei hadde planar om å hjelpe den afghanske regjeringa med å takle dei islamistiske terroristane som herja i Afghanistan, men meinte at dei måtte ha ein meir stabil leiar enn Amin først. Dei sovjetiske soldatane drap Amin. Karmal vart ny leiar for republikken. Etter invasjonen måtte òg leiaren for det hemmelege politiet KHAD byttast ut, og Najibullah tokk over denne stillinga i januar 1980. KHAD under Najibullah var ansvarleg for fleire tusen avrettingar. Av og til avretta Najibullah fangar sjølv.[1] Dette skal Najibullah ha gjort ved å kaste dei ned på bakken og sparke dei i hel.

I tillegg til avrettingar, vart endå fleire arrestert eller torturert under Najibullah sitt leiarskap i KHAD.

Den 4. mai 1986 abdiserte Babrak Karmal, og Najibullah vart vald som president. Najibullah si stilling i KHAD vart skifta ut med Ghulam Faruq Yaqubi. Najibullah vart leiar for partiet, men vart ikkje president før 30. september året etter.

Som president starta Najibullah med reformar som han meinte kunne skape fred. Den afghanske regjeringa begynte å føre samtalar med dei islamistiske opprørarane (mujahedin). Han kom med vedtak som gjorde at islam vart viktigare i Afghanistan, som kommunistane tidlegare hadde styrt forhaldsvis statsateistisk, over 5500 fangar vart slepte fri før dei hadde sona heile straffa si frå Karmal sitt fall til før utgangen av 1987. I november 1987 skifta Den demokratiske republikken Afghanistan namn til Republikken Afghanistan, og i 1990 skifta Demokratisk Folkeparti namn til Demokratisk Heimlandsparti. Likevel var det berre Afghanistan og Sovjet som offisielt godkjende byttet frå «demokratisk republikk» til «republikk».

I 1988 vart det óg arrangert parlamentsval i Afghanistan. Dette var det første valet i Afghanistan sidan landet vart erklært som republikk. Partiet til Najibullah vann berre 50 plassar i det afghanske parlamentet, men sidan mujahedin boikotta valet, var det berre kandidatar som støtta Det demokratiske folkepartiet og/eller Folkefronten som stilte opp.

Slutten på kommuniststyret[endre | endre wikiteksten]

Etter at Sovjetunionen trekte seg ut av Afghanistan i 1989 og spesielt etter at FN-styrken vart oppløyst i 1990 forstod mange, inkludert Najibullah sjølv, at den dåverande regjeringa ikkje kom til å vare for alltid. I mars 1990 forrådte forsvarsministar Shanawaz Tanai Najibulllah og leia eitt kuppforsøk mot Najibullah. Det var ikkje eit mujahedin-kuppforsøk, men var begått av Khalq-lojalistar. Ifølgje den afghanske politikaren Halimzai, som var med i kuppet, hadde Tanai hatt samtalar med Mohammed Zahir Ofoq, leiaren av eitt lite kommunistparti, nokon månader tidlegare der dei prøvde å finne ein strategi for kuppet.

Halimzai uttalte:

Når me diskuterte korleis me skulle ta over kontrollen, fortalde eg dei at kuppet ville vere mislykka om me ikkje hadde kontrollen over ting som media, forsvaret og utanriksdepartementet i våre hender. Eg fortalte dei at eg ikkje er villig til å få ei slik endring. Eg sa at dykk begge bør vere oppmerksom på alle forhold. Me kan ikkje ta over Kabul, og når me mislykkast vil ikkje noko makt stoppe Ashrar (Mujahedin) for å innta Kabul. Til slutt vart dei samde om og sa at dei vil først lage grunnlag for eit kupp, og etterpå opptre. Men dei starta å planleggje kuppet, og rett før kuppet drog Mr. Ofoq til India og etter det var mislykka flykta Mr. Tanai til Islamabad. Og eg hadde rett, dr. Najib sitt regime blei svakere, og i mars 1992 vandra Ashrar i gatene i Kabul, som no var Mujahedin. (Gulbuddin Hekmatyar, leiaren av mujahedin-gruppa [[Hezb-i-Islami Afghanistan var ein av dei viktigaste støttespelarane av kuppet.)

Den afghanske regjeringa vart kraftig svekka etter at general Abdul Rashid Dostum deserterte og allierte seg med mujahedin-leiaren Ahmad Shah Massoud. Massoud sine troppar, støtta av Dostum, kapra Bagram militærflyplass og ta kontrollen over Kabul den 16. april 1992.

Etter kuppet prøvde Najibullah å rømme frå Afghanistan. Han hadde planlagt å møte Benon Sevan - leiar og senior politisk rådgivar for FN sin generalsekretær sin representant angående konflikten i Afghanistan på Kabul International Airport og flykte, men vart stoppa av Dostum. Den 17. april søkte han (najibullah) asyl på FN-leiren i Kabul. Den nyoppretta foreløpige regjeringa i Den islamske staten Afghanistan lét han bli der uskadd.

Han var i leiren fram til Taliban tokk makta i 1996. Dei tvinga han ut, og hengte han på eit trafikklys i Kabul.

Avrettinga skapte internasjonalt store reaksjonar. Spesielt i land som India, som heile tida hadde vore ein stor alliert av Najibullah.


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Alejandra Marchevsky og Jeanne Theoharis - "Not working: Latina immigrants, low-wage jobs, and the failure of welfare reform"