Moldegård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Moldegård hovudbygg.
Foto: Klaus Forbregd, 1959

Moldegård (gnr. 25) er ein tidlegare gard i Molde. I dag står berre hovudbygningen og ein kornsilo att.

I byrjinga heitte garden Molde. Namnet reknast å komme frå norrønt Moldar, fleirtallsform av mold. Etter kvart fekk namnet suffikset -gård for å skilje frå den framveksande byen, som ligg på grunn frå dei tidlegare gardane Molde og Reknes (gnr. 24). Moldegård var amtmannsbustad frå 1704 og skal vere modell for Ibsens drama Rosmersholm (1886).

Kaptein Johan Fredrik von Beverlow eigde garden i 1692. Sidan 1700-talet har Moldegard vore eigd av familien Møller.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Caplex.no, red. Solveig Wikstrøm (J.W. Cappelens Forlag AS): «Molde», konsultert 2005 [1]
  • Molde. Register over diverse offentlige protokoller (kartotek ved Romsdalsmuseet): «Skjøter/byksel»
  • Rygh, O.: Norske Gaardnavne (Dokumentasjonsprosjektet 1999) [2]