Initial

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Initialen I i ordet «In» i ein handskriven frankisk bibel frå 800-talet.
Initialen P i ordet Peter frå ein handskriven belgisk bibellatin frå 1407. Bokstavar som er utsmykka med slike miniatyrmåleri blir gjerne kalla illuminerte.
Initial eller innledningsbokstav til Eiriksønnenes saga i den illustrerte 1899-utgåva av Snorre sine kongesoger. Bokstaven er utforma av teiknaren Gerhard Munthe, som særleg er kjend for stiliserte og dekorative vignetteikningar og anna i «vikingstil»

Initial er ein bokstav som står først i eit ord, namn eller tekst.[1] Ordet kjem frå latin initialis, som betyr «står i byrjinga».[2]

Ein slik bokstav er ofte ein majuskel, eller stor bokstav. I ein del dokument kan han også vera mykje større enn resten av tekst, og rikt pryda. Ein initial som er fargelagt eller forgylla i eit handskrift blir kalla illuminert.[3]

Førstebokstavane i namnet til ein person blir kalla initialane hans. Ord sette saman av initialar frå ei rekkje ord blir kalla initialord eller bokstavord. Om bokstavane blir lesne saman som eit ord blir det kalla akronym.[4]

Initialar i typografien[endre | endre wikiteksten]

Innan typografi viser initial til ein litt større bokstav brukt i innleiinga til ein skriven eller trykt tekst.[5] I den tidlegaste perioden av trykking ville ein typograf gjerne setja til side den nødvendige plassen til at ein målar eller ein teiknar kunne laga ein initial. Historiske initialar var ofte dekorerte med ornament eller motiv som kunne referera til teksten.

Forbokstavar i namn[endre | endre wikiteksten]

Initialar kan også visa til dei første bokstavane i eit namn. Personar kan omtalast med berre initialar, til dømes er John Fitzgerald Kennedy ofte blitt omtalt som berre «JFK».

Ein eller fleire initialar brukte som dekorativt merke og kjenneteikn blir ofte kalla monogram. Då kan initialane vera stilt saman med tal (dei norske kongane med H 7, O V eller 5 og H 5) og krone (særleg rangkronene til kongefamilien).

Bumerke består ofte av runeinitialar frå personnamn skrivne med runer, så som ei samanfletting av dei to første runebokstavane i eit fornamn.

Initialar er vanlege i norske personsegl, dels som underordna figurmotiv, dels som einaste figur. Initialane i segla er ofte forbokstavar i fornamn og i farsnamn, eventuelt i fast slektsnamn. Ved farsnamn er det ofte initialen til faren sitt fornamn og i tillegg også bokstaven S for endinga sønn/son/sen. Dei tre bokstavane står ofte over dei sentrale motiva til segla som kan vera bumerke, våpenskjold, allegoriske figurar og anna.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «initial» i Nynorskordboka.
  2. «initial», naob.no, henta 9. januar 2021  Den ukjende parameteren |verk= vart ignorert (hjelp); More than one of |verk= og |website= specified (hjelp)
  3. «illuminert» i Nynorskordboka.
  4. «akronym» i Nynorskordboka.
  5. Hallberg, Åke (1971). Typografi. Oslo: Yrkesopplæringsrådet for håndverk og industri. s. 159. ISBN 8200249344. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Initial