Monte Argentario

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monte Argentario
Isola Rossa sett frå Strada panoramica
Isola Rossa sett frå Strada panoramica
Isola Rossa sett frå Strada panoramica
Plassering
Monte Argentario is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
[[Toscana]]
[[Grosseto]]
Borgarmeister Arturo Cerulli
Geografi
Flatevidd
 - By

60,3 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

12 937
  215/km²
Koordinatar 42°26′″N 11°7′″EKoordinatar: 42°26′″N 11°7′″E
Høgd over havet 5 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 58019
Telefon-retningsnummer 0564
Nettstad: www.comunemonteargentario.it

Monte Argentario er ein kommune og ei halvøy i provinsen Grosseto i Toscana i Italia, om lag 150 km sør for Firenze og om lag 35 km sør for Grosseto. Halvøya er forbunde til fastlandet via tre vegfyllingar som dannar to lagunar, Laguna di Ponente på vestsida og Laguna di Levante på austsida i midten av lagunen.

Dei to største landsbyane på Monte Argentario er Porto Santo Stefano mot nord og Porto Ercole mot sør.

Vegen Strada panoramica som startar i Porto Santo Stefano gjev eit flott utsyn over kysten og Dei toscanske øyane.

Monte Argentario grensar til kommunen Orbetello, som ligg mellom dei to lagunane.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Porto Santo Stefano

Monte Argentario er ei halvøy som strekkjer seg ut i Tyrrenhavet mot dei to sørlegaste øyane i Dei toscanske øyane, Giglio og Giannutri. Halvøya var tidlegare ei øy, men havstraumar og elva Albegna førte til avleiringar som skapte ein såkalla tombolo.

Det høgaste punktet i Monte Argentario er Punta Telegrafo (635 moh). Landskapet og kysten er hovudsakleg kupert og steinete med mange hamner og steinstrender. Kommunesenteret er den nordlege busetnaden Porto Santo Stefano.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Halvøya var truleg busett av etruskarar og var seinare Domitii Aenobarbi-familien sin personlege eigedom. Dei fekk halvøya i byte for pengar dei hadde lånt Den romerske republikken under punarkrigane. Det noverande namnet kjem frå dette opphavet, sidan Arganterii var namnet på pengelånarar på denne tida.

Seinare kom halvøya inn under Romarriket og vart avstått til kyrkja av Konstantin den store300-talet. I mellomalderen var området tynt folkesett på grunn av redusert trafikk langs den nærliggande Via Aurelia. I lag med Orbetello kom halvøya inn under Aldobrandeschi, Orsini, kong Ladislas av Napoli og Siena, fram til Spania tok over seint på 1500-talet. Spanjonale bygde kraftige festningsverk i dei to hamnene, som vart hovudskansen til staten Presidi. Etter Napoleon sitt nederlag vart Argentario i 1815 gjeve til storhertugdømet Toscana, som det var ein del av fram til 1860, då det var ein del av kongedømet Italia.

Under den andre verdskrigen vart Argentario kraftig bombardert og fekk store tap. Hamna Santo Stefano vart øydelagd og først bygd opp att i 1950-åra. Jernbanen som gjekk frå Orbetello til fastlandet vart aldri bygd igjen.

Utsyn mot hamna Porto Ercole.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Fortezza Spagnola (Spansk festning) i Porto Santo Stefano
  • Forte Filippo og Forte Stella i Porto Ercole
  • St. Erasmus-kyrkja i det historiske sentrumet av Porto Ercole
  • Via panoramica (Panoramavegen), som går langs kysten.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]