Morten Andreas Rosendahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Morten Andreas Rosendahl (30. januar 180820. januar 1892) var ein kjøpmann, industrieigar og skipsreiar frå Bergen. Han representerte heimbyen på Stortinget i tida 1859-64.

Rosendahl var son til ein kjøpmann. Han tok sjølv kjøpmannseksamen og dreiv som kjøpmann frå 1831. I 1845 grunnla han ei industriverksemd i Fana som omfatta spinneri, reperbane og nålfabrikk. Seinare byrja han også å reie ut skip. Han var styreformann i Bergen brannforsikringsselskap frå 1868 og i sjøforsikringsselskapet Æolus. Perioden 1870-90 var han forlikskommissær.

Rosendahl var medlem i Bergen bystyre frå 1847 til 1888, dei fyrste åtte åra med sete i formannskapet. Over ein periode på femten år, 1850-64, var han ein av dei fremste kandidatane på valtinga i høve stortingsval. Han var stortingsmann 1859-60 , 1862-63 og på omframtstortinget 1864. Både i 1859-60 og 1862-63 var han medlem i Næringskomite nr 1, medan han i 1864 var med i Komiteen om senkinga av Øyeren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]