Morten Viskum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morten Viskum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. februar 1965 (59 år)
Helsingør
Yrke kunstmålar, kunstsamlar

Morten Grabert Viskum (fødd 2. februar 1965) er ein norsk kunstnar fødd i Helsingør i Danmark. Han byrja på Statens kunstakademi i Oslo i 1993, etter å ha avbrote seks år med veterinærstudium. Han var ferdig med utdanninga si i 1997.

Morten Viskum fekk mykje omtale i Noreg i 1995 etter at han i løpet av to dagar plasserte eit glas med olivenetikett på, men med ei rotteunge inni, i hyllene med olivenglas i kvar av tjue utvalde daglegvareforretningar i fem av dei største byane her i landet. Etter dette «rotte/olivenprosjektet» vart han sett på som ein særs kontroversiell samtidskunstnar. Han styrkte sitt ry som kontroversiell då han seinare nytta ei avkappa hand frå eit lik som målarpensel i verk med tittelen: «Hånden som aldri sluttet å male».

Viskum arbeider med installasjonar, performance, fotografi og måleri, og har vore representert på mange utstillingar i innland og utland. I 2003 opna han Vestfossen Kunstlaboratorium i den nedlagde Vestfos Cellulosefabrik på Vestfossen i Øvre Eiker kommune, ein kunsthall for framsyning av internasjonal samtidskunst. Viskum er òg kunstsamlar, og har ei privat kunstsamling på meir enn 700 kunstverk av 226 kunstnarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]