Mortensrud kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°50′48.037″N 10°49′56.298″E

Mortensrud kyrkje
Mortensrud kirke 01.JPG

Mortensrud kyrkje
Foto: Erlend Bjørtvedt

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Oslo
Prosti:  Søndre Aker
Fellesråd:  Oslo
Sokn:  Mortensrud
Innvigd:  28. april 2002
Kyrkjegard:  Nei
Arkitektur
Type:  Arbeidskyrkje
Arkitekt:  Jensen & Skodvin v/Jan Olav Jensen
Materiale:  Glas, stein, stål og tegl
Kyrkjerommet
Preikestol:  I stål, formgjeve av interiørarkitekt Terje Hope
Døypefont:  Stålramme med glasfat
Altartavle:  Gunnar Torvund
Plassar:  550
Commons-logo.svg
Mortensrud kyrkje på Commons

Mortensrud kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 2002 i Søndre Nordstrand, Oslo kommune. Ho er teikna av arkitektane Jan Olav Jensen og Børre Skodvin frå Jensen & Skodvin Arkitektkontor. Kunstnarleg koordinering var ved Kirkelig kulturverksted.[1]

Mortensrud kyrkje, bilete frå interiøret med eit tre.
Foto: Andrewrabbott
Bilete sett mot altaret
Foto: Andrewrabbott

Kyrkja står på ein skogkledd kolle med høge furuer rundt. Anlegget er samanset av to volum, kyrkje mot nord og forsamlingssenter i sør bundne saman med ein kyrkjebakke. Grunnplanet til bygget har ei langstrakt, rektangulær form med saltak over sjølv kyrkjerommet. I forlenging av kyrkjerommet kjem kyrkjetorget med flatt tak. Kyrkja har frittståande klokketårn i tre ved det sør-vestlege hjørnet. Kraftige murar i skifer framhevar fargane i landskapet samstundes med at dei store glasflatene reflekterer vegetasjonen og ljoset frå himmelen.

Kyrkja var kontroversiell i si tid, mellom anna fordi ein her tok i bruk langkyrkjeforma og fordi altaret ligg mot nord, og golvet har ei svak helling nedover mot altarpartiet.[1]

Interiør og inventar[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjerommet har hovudskip med to sideskip og galleri. Golvet fylgjer terrenget og har eit svakt fall fram mot fondveggen ved altarpartiet. I betonggolvet ligg berget ope framme ved koret og bak delar av benkane.

Preikestolen er ein lesepult i stål og tre og er montert i berget framme ved koret. Altaret og altartavla er trukket litt mot aust. Altartavla dekkjer ein stor del av glaspanelet i fondveggen. Arkitekturen er prega av grå murar og svarte stålkonstruksjonar.

Arkitekturprisar[endre | endre wikiteksten]

Mortensrud kyrkje og arkitektane har vunne ei rekkje arkitekturprisar, mellom anna Houens fonds diplom og Norsk Stålkonstruksjonspris.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Mortensrud kirke. Kyrkjesøk. Vitja 19. juli 2015.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dahle, Einar; Havran, Jiri (2008) Kirker i Norge, bind 6: Modernismen. 1900-tallet, s. 268-277 – ARFO, Oslo. ISBN 978-82-91399-12-6.
  • Kirkebøe, M.C. (2007) Oslos kirker i gammel og ny tid, 2. utg. (red. Knut Are Tvedt og Øyvind Reisegg), s. 61-62 – Kunnskapsforlaget, Oslo. ISBN 978-82-573-1946-5.
  • Tvedt, Knut Are (red., 2010) Oslo byleksikon, 5. utg., s. 367 – Kunnskapsforlaget, Oslo. ISBN 978-82-573-1760-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne Osloartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.