Hopp til innhald

Søndre Aker prosti

Bøler kyrkje

Søndre Aker prosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner bydelane Nordstrand, Søndre Nordstrand og Østensjø søraust i Oslo. Prosten har sete på Bøler.

Prostiet vart oppretta i 1984, som Nordstrand prosti, og bestod av prestegjelda Nordstrand, Holmlia, Manglerud, Bøler, Bekkelaget og Lambertseter.[1] Namnet vart endra til Søndre Aker prosti i 1986.

Det er vedteke at Bekkelaget sokn skal slåast saman med Ormøy sokn frå 1. januar 2016. Dei to sokna ha allereie felles stab.[2] Det nye soknet får namnet Bekkelaget og Ormøy.

Likeeins vert Klemetsurd og Mortensrud slått saman til Klemetsrud og Mortensrud sokn.[3] Dette soknet femnar òg om Bjørndal, der ei interimkyrkje vart vigsla i mars 2015.[4]

Prostia er inndelte i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Oslo kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

SoknKyrkjeKyrkjeleg fellesråd
Bekkelaget soknBekkelaget kyrkjeOslo
Bøler soknBøler kyrkjeOslo
Hauketo-Prinsdal soknHauketo-Prinsdal kyrkjeOslo
Holmlia soknHolmlia kyrkjeOslo
Klemetsrud soknKlemetsrud kyrkjeOslo
Lambertseter soknLambertseter kyrkjeOslo
Ljan soknLjan kyrkjeOslo
Manglerud soknManglerud kyrkjeOslo
Mortensrud soknMortensrud kyrkjeOslo
Nordstrand soknNordstrand kyrkjeOslo
Oppsal soknOppsal kyrkjeOslo
Ormøy soknOrmøy kyrkjeOslo

Prestegjeld

[endre | endre wikiteksten]

Prestetenesta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Søndre Aker prosti desse prestegjelda:

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

59°52′56″N 10°50′23″E / 59.88222°N 10.83972°E / 59.88222; 10.83972