Mount Siple

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 73°26′S 126°40′W
Mount Siple
vulkan
MountSipleUSNavy1985.jpg
Flyfoto av Mount Siple frå vest
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Siple Island i Marie Byrd Land
 - høgd 3 110 moh. [1]
 - Primærfaktor 3 110 m
 - koordinatar 73°26′S 126°40′W
Periode Ukjend
Vulkantype Skjoldvulkan
Førstestiging uklatra
Administrert under Antarktistraktaten
Mount Siple is located in Antarktis
Mount Siple (Antarktis)
Wikimedia Commons: Mount Siple

Mount Siple er ein potensielt aktiv skjoldvulkan i Antarktis, med ei høgd opp mot 3110 moh som dominerer nordvestdelen av Siple Island, med Getzisen mellom øya og Bakutis Coast i Marie Byrd Land.[2] Utsjånaden indikerer at han sist hadde utbrot i holocen. Han er dekt av ein 4 x 5 km stor kaldera og tuffkjegleer i fjellsidene. Det massive volumet på 1800 km3 kan samanliknast med Mount Erebus. Høgda gjer Siple Island til den 15. høgaste øya i verda.

Mount Siple er kalla opp etter Paul A. Siple (1908–68), ein amerikansk antarktisfarar og geograf som deltok på seks ekspedisjonar til Antarktis, mellom anna dei to Byrd-ekspedisjonane i 1928-30 og 1933-35 (Siple Coast, Siple Island). Han var leiar for West Base frå U.S. Antarctic Service (USAS), 1939–41, og var navigatør på alle dei store utforskingsflyturane frå basen, inkludert flyturen då Mount Siple vart oppdaga. Han tente som U.S. Army Senior RepresentativeOperasjon Highjump, 1946–47; som direktør i Scientific Projects i planleggingsstadiet av Det internasjonale geofysiske året og som forskingssjef ved Amundsen-Scott-stasjonen 1956-57.[2]

Fjellet har «truleg vorte klatra», men det finst «ingen kjende kjelder» for at det skal ha skjedd.[1] Om det faktisk ikkje er klatra er det eit av fjella med høgast skardhøgd i verda som ikkje har vorte klatra enno.

Mount Siple er sjeldan omtalt på grunn av den avsidesliggande plasseringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]