Skjoldvulkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjoldvulkan

Ein skjoldvulkan er ein stor vulkan med slake fjellsider. Namnet kjem frå den islandske skjoldvulkanen Skjaldbreiður, som tyder 'breitt skjold'. Skjoldvulkanar oppstår frå lavastraumar med låg viskositet - tyntflytande lava. Derfor har fjellet ein breid profil som vert bygd opp over tid av relativt rasktflytande basaltisk lava frå ventilar eller sprekker på overflata av vulkanen.Den største skjoldvulkanen på jorda er Mauna Loa på Big Island på Hawaii, og alle vulkanane på Hawaiiøyane er skjoldvulkanar. Skjoldvulkanar kan stundom verte så store at dei vert rekna som ei fjellkjede, som Ilgachuz Range og Rainbow Range i Canada. Desse skjoldvulkanane, både på Hawaii og Canada vart danna då den nordamerikanske plata flytta seg over ein heiteflekk. Andre døme på skjoldvulkanar har ein i Washington, Oregon og Galapagosøyane. Piton de la FournaiseRéunion i Indiahavet er ein av dei mest aktive skjoldvulkanane på jorda med om lag eitt utbrot i året i snitt.

Skjaldbreiður er opphavet til namnet skjoldvulkan

Viskositeten til magma når han kjem til overflata er avhengig av temperaturen og samansettinga til magmaen. Skjoldvulkanane på Hawaii har utbrot med magma så varm som 1 200 °C samanlikna med temperaturar rundt 850 °C for dei fleste kontinentale skjoldvulkanane, som hovudsakleg består av sur lava. Sidan lavaen er så pass flytande som han er får ein ikkje eksplosive utbrot. Dei mest alvorlege eksplosjonane oppstår om vatn kjem inn i ventilen, slik at gassane i magmaen ekspanderer. Ein kan då få flotte fontener av lava.

Olympus Mons sett ovanfrå.

Skjoldvulkanar oppstår òg på andre planetar. Det største kjende fjellet i solsystemet, Olympus MonsMars er ein skjoldvulkan ein meiner er utdøydd. Skjoldvulkanane på Mars er høgare og meir massive enn dei ein finn på jorda, truleg sidan det ikkje finst platetektonikk her.

På grunn av platetektonikken på jorda flyttar vulkanane seg etter kvart bort frå heiteflekkane og magmakjelda, slik at vulkanane vert mindre massive enn dei elles kunne vorte. Skjoldvulkanar oppstår som regel langs divergenssoner mellom jordskorpeplatene eller over heiteflekkar. Mange store skjoldvulkanar som Kaskadefjella i USA eller i nordlege område av California og Oregon vert danna over meir kompliserte område.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Mauna Kea, ein skjoldvulkan på øya Hawaii dekt av eit tynt snølag.
Profilen til Hualālai viser den typiske forma for skjoldvulkanen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Skjoldvulkan