Mount Takahe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 76°17′S 112°05′W
Mount Takahe
vulkan
MountTakahe.jpg
Flyfoto av Mount Takahe frå vest.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - høgd 3 460 moh. [1][2]
 - Primærfaktor 2 144 m
 - koordinatar 76°17′S 112°05′W
Vulkantype Skjoldvulkan
Siste utbrot 5550 fvt. (?)
Administrert under Antarktistraktaten

Mount Takahe
76°18′ S 112°6′ W
Mount Takahe is located in Antarktis
Mount Takahe (Antarktis)
Wikimedia Commons: Mount Takahe

Mount Takahe er ein stor, snødekt skjoldvulkan som står 64 km søraust for Toney Mountain i Marie Byrd Land i Antarktis. Vulkanen er omtrent sirkelforma og måler kring 29 km på tvers og har ein kaldera som er opp mot 8 km brei. Med 780 kubikkilometer er han ein massiv vulkan. Vulkan kan ha hatt det siste utbrotet sitt i holocen og er derfor truleg ein potensielt aktiv vulkan.

Takahe vart truleg av dei sett frå avstand av Admiral Byrd og andre medlemmar av USAS på flyturar frå skipet «Bear» den 24. og 25. februar 1940. Det vart vitja i desember 1957 av medlemmar av Marie Byrd Land Traverse Party, 1957–58, som namngav det. «Takahē» er eit māori-namn om noko som ikkje kan fly.[3]

Topografisk kart av Mount Takahe (1:250 000 skala).

Gill Bluff[endre | endre wikiteksten]

Gill Bluff er ein skråning på nordvestsida av Mount Takahe i Marie Byrd Land. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne i U.S. Navy, 1959-66. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Allan Gill, ein polarlysforskar ved Byrd-stasjonen i 1963.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]