Mowi
Mowi ASA | |||
| |||
Org.form | Allmenaksjeføretak | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 964118191 | ||
Bransje | Sjømat | ||
Skipa | 2006 | ||
Hovudkontor | Bergen i Noreg | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | Atlantisk laks | ||
Styreleiar | Ole-Erik Lerøy | ||
Tilsette | 13 233 | ||
Nettstad | http://www.mowi.com |
Mowi (OSE: MOWI), før 2019 kjend som Marine Harvest[1] og før 6. februar 2017 som Pan Fish,[2] er eit norsk sjømatselskap med hovudkontor i Bergen. Selskapet er verdas største oppdrettar av atlantisk laks og sysselset over 13 000 personar.[3] Det har større føretak i Noreg, Skottland, Canada, Færøyane og Chile. Selskapet står for mellom 25 og 30 % av handelen med laks og aure på verdsmarknaden.[4][5] making it the world's largest company in the sector.[4][6]
Selskapet fekk si noverande form etter ei stor utviding i 2006, då Pan Fish ASA fusjonerte med Marine Harvest N.V. og Fjord Seafood.[7]
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Selskapet er eit resultat av ein fusjon mellom Pan Fish, Fjord Seafood og Marine Harvest. I juni 2005 kjøpte Geveran Trading Ltd., eit selskap som blir kontrollert av John Fredriksen, majoriteten av aksjane i det norske oppdrettsselskapet Pan Fish. I løpet av hausten 2005 kjøpte Fredriksen også det nederlandske oppdrettsselskapet Marine Harvest. Samstundes starta han oppkjøp av aksjar i norske Fjord Seafood. Før sommaren 2006 hadde Pan Fish kontroll over aksjane i Fjord Seafood, og fusjonen mellom dei tre selskapa kunne starta. Det nye selskapet heldt på namnet Pan Fish i eit halvt år, før det 1. januar 2007 endra namn til Marine Harvest. Fredriksen er hovudeigar i selskapet, med ein eigardel på 13,8 prosent[8]. Frå 1. januar 2019 endra selskapet namn frå Marine Harvest til Mowi som eit ledd i selskapet sin merkevarestrategi.
Verksemd
[endre | endre wikiteksten]Selskapet tilbyr eit breitt spekter av sjømatprodukt, og produserer ein firedel av all oppdrettslaks og -aure i verda. Mowi driv verksemda si i 25 land, og har om lag 13 000 tilsette globalt. Mowi er notert på Oslo Børs og aksjen inngår i OBX-indeksen. Etter at tidlegare konsernsjef Atle Eide trekte seg 1. september 2007, vart selskapet mellombels leia av Leif Frode Onarheim. 1. mars 2008 overtok Åse Aulie Michelet som toppsjef i Mowi. Ho trekte seg overraskande tilbake 23. mars 2010, etter ynskje frå styret, ho vart erstatta med noverande konsernsjef er Alf-Helge Aarskog.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «NewsWeb». newsweb.oslobors.no. Henta 8. januar 2019.
- ↑ «MHG - New name and ticker today». Stocklink. 6. februar 2007. Arkivert frå originalen 28. mai 2007. Henta 15. august 2007.
- ↑ «mowi.com», mowi.com, henta 9. januar 2019
- ↑ 4,0 4,1 «Annual Report 2006» (PDF). Marine Harvest. Henta 15. august 2007.
- ↑ Stepek, John (10. juli 2006). «What do oil, salmon and plastic bags have in common?». Money Week. Arkivert frå originalen 1. desember 2008. Henta 8. oktober 2010.
- ↑ «Chefs and food critics treated to Norwegian halibut». Norway - the official site in the UK. Arkivert frå originalen 14. juli 2007. Henta 15. august 2007.
- ↑ «Pan Fish ASA: First quarter 2006 - Foundation for the world's leading aquaculture company is laid» (Press release). Pan Fish ASA. 31. mai 2006. Arkivert frå originalen 17. januar 2016. Henta 15. august 2007.
- ↑ «DN Investor», DN Investor, henta 9. januar 2019