Mulevika på Nerlandsøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mulevika
vik
Land  Noreg
Kart
Mulevika på Nerlandsøya
62°21′9″ N 5°31′10″ E

Mulevika er ei vik eller lita bukt sørvest på Nerlandsøya i Herøy i Møre og Romsdal.

Vegen gjennom Kvalsvik grunnkrins, endar i ein snuplass eit stykke oppom, slik at det vert ein rimeleg bratt nedoverbakke for å kome ned til sjøen. Det einaste ein ser frå Mulevika, er Skorpa, Svinøya og Atlanterhavet. Mulevika strekkjer seg frå Terneneset ved enden av Skorpesundet til neset Mulen.

Mulevika er ein populær badestad, ikkje minst grunna fin sand og store bølgjer. Mengda med sand kan variere stort frå år til år, då dønningane frå Atlanterhavet av og til vaskar den vekk, og av og til skyl sanden innatt.