Hotel Mundal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mundal Hotel)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°24′25.754″N 6°44′23.633″E

Hotel Mundal i 2007.
Foto: Vegarutend

Hotel Mundal ligg i bygda Mundal ved Fjærlandsfjorden i Sogn og Fjordane. Dagens bygning i drake- og sveitsarstil er teikna av Peter Andreas Blix.

Breførar Mikkel Mundal og systra Brita dreiv Mundals Gjestgiveri i Fjærland nokre år tidlegare. Mundal og systra, mann hennar Olaus Dahle, samt Per og Johannes Mundal engasjerte Blix til å teikne hotellet som stod ferdig i 1891.

Hotellet har sida starten vore dreven som eit familiehotell og er i same families eige.

Hotel Mundal er tildelt Olavsrosa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]