Murasaki Shikibu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Murasaki Shikibu
Portrait of Murasaki Shikibu.jpg
Fødd 970-åra
Kyoto
Død

1014, 1016, 1031, 1019
Kyoto

Yrke hoffdame, romanforfattar, lyrikar, skribent, dagbokskrivar
Sjanger roman
Far Fujiwara no Tametoki
Ektefelle Fujiwara no Nobutaka
Born Daini no Sanmi
Murasaki Shikibu på Commons

Murasaki Shikibu (ca. 978–ca. 1016) var ein japansk forfattar og hoffkvinne under Heian-tida. Ho er særleg kjend for Soga om Genji, ein av dei første psykologiske romanane og noko av den første japanskspråklege nedskrivne litteraturen, mellom år 1000 og 1012.[1] Murasaki skreiv også ei dagbok som likt romanen gjev eit rikt bilete av den samtidige japanske hoffkulturen.

Murasaki ved skrivebordet sitt. Bilde på ei japansk vifte frå 1600-talet.

Kvinner i Heian blei tradisjonelt ekskluderte frå å læra kinesisk, som var skriftspråket til styresmaktene. Murasaki, som voks opp i eit lærd hushald, viste tidleg talent for å beherska dei kinesiske klassikarane. Ho gifta seg i midten eller slutten av tjueåra og fødde ei dotter, Daini no Sanmi, før ektemannen døydde etter to års ekteskap. Det er ikkje sikkert kva tid ho byrja skriva Soga om Genji, men det var truleg medan ho var gift eller kort tid etter at ho blei enkje. Rundt 1005 blei ho invitert til å blei hoffdame for keisarinne Shōshi ved keisarhoffet til Fujiwara no Michinaga, truleg på grunn av statusen sin som frofattar. Ho fortsette å skriva ved hoffet, og la til hoffscener til verket til. Eter fem-seks år forlet ho hoffet og busette seg saman med Shōshi i området ved o[[Biwasjøen].

Murasaki skreiv diktsamlinga 'Dagboka til fru Murasaki' og den kjende 'Soga om Genji'. Eit tiår etter at verket var fullført var Genji blitt distribuert til alle provinsane; innan eit hundreår blei det rekna som ein klassikar innan japansk litteratur. Tidleg på 1900-talet blei verket hennar omsett til andre språk; ei engelsk omsetjing på seks band blei fullført i 1933. Forskarar har halde fram med å rekna verket som viktig, ein refleksjon av Heian-hoffet på toppen. Sidan 1200-talet har verket blitt illustrert av japanske kunstnarar og kjende ukiyo-e-meistrar.

Murasaki Shikibu (紫 式部), 'fru Murasaki' er eit skildrande namn. Det eigentlege namnet hennar er ukjend, men kan vera Fujiwara no Takako (藤原 香子), som er nemnd i ei hoffdagbok frå 1007 som ei keisarleg hoffkvinne.

I Heiantida brukte ein ikkje namn på same måte som i moderne tid. Ei hoffkvinne kunne vera kjend gjennom sin eigen tittel, om ho haddde ein slik, og kunne også ta eit namn som viste til rangen eller tittelen til ein mannleg slektning. Shikibu er dermed ikkje eit moderne slektsnamn, men viser til Shikibu-shō, seremoni-ministeret der far til Murasaki var funksjonær. Murasaki er eit tilleggsnamn som kan visa til lillafargen knytt til blomen Wisteria, og ei tyding til order fuji, som er eit element i klannamnet hennar. Michinaga nemner namna til fleire hoffdamer i eit dagboksnotat frå 1007; eit av dei, Fujiwara no Takako (Kyōshi), kan vera personnamnet til Murasaki.[2][a]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Murasaki Shikibu blei fødd rundt 973 i Heian-kyō i Japan. Ho var medlem av den nordlege Fujiwara-klanen som stamma frå Fujiwara no Yoshifusa, den første Fujiwara-herskaren i Heian-tida.[3] Fujiwara-klanen dominerte hoffpolitikk fram til slutten av 1000-talet gjennom strategiske giftarmål av døtrene sine inn i keisarfamilien og gjennom regentskap. Seint på 900- og tidleg på 1000-talet arrangerte, Michinaga, også kalla Mido Kampaku, ekteskap for fire døtrer med keisarar, noko som gav han stor makt.[4] Oldefaren til Murasaki, Fujiwara no Kanesuke, hadde vore i det øvste laget av aristokratiet, men hennar grein av familien tapte gradvis makt og tilhøyrde ved hennar fødsel dei midtre eller lågare delane av Heian-aristkcratiet — nivået til provinsguvernørar.[5] Aristokratar av lågare rang blei typisk sende til stillingar i provinsane der dei var utestengde frå den sentraliserte makta og hoffet i Kyoto.[6]

Familien hennar hadde likevel ein viss litterær status. Både oldefaren og farfaren hennar var kjende diktarar. Oldefaren, Fujiwara no Kanesuke, hadde femtiseks dikt me i Tjueein keisarlege antologiar (Nijūichidaishū),[7] Samlingar av trettiseks diktarar og i Yamato Monogatari.[2] Desse to hadde begge vore vennar med Ki no Tsurayuki, som blei kjend for å utbreid vers skrivne på japansk.[6] Far hennar, Fujiwara no Tametoki, studerte ved det statlege akademiet (Daigaku-ryō)[8] og blei ein respektert student av kinesiske klassikarar og poesi; også hans vers blei samla i antologiar.[9] Han byrja i offentleg teneste rundt 968, blei utnemnd til guvernør i 996, og var i teneste fram til rundt 1018.[6][10] Mor til Murasaki stamma frå same grein av nordlege Fujiwara som Tametoki. Paret hadde tre barn, ein son og to døtrer.[9]

I Japan i Heian-tida hadde menn og koner av ei viss rang fråskilde hushald. Barna voks vanlegvis opp hjå mora, men ein følgde likevel eit patrilineært slektssystem.[11] Murasaki var uvanleg i og med at ho budde i huset til far sin, truleg ved Teramachi-gata i Kyoto, saman med den yngre broren Nobunori. Mor deira var død då dei var små, kanskje i barsel. Murasaki hadde minst tre halvsysken som voks opp hjå mødrene sine. Ho stod nær ei syster som døydde i tjueåra.[12][13][14]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sju kvinner er nemnde i notatet. Dei verkelege namna til fire av dei er kjende. Av dei gjenverande tre var ei av dei ikkje frå Fujiwara-klanen, ei hadde høg rang og måtte derfor vera eldre, slik at den siste, Fujiwara no Takako, kan ha vore Murasaki. Sjå Tsunoda (1963), 1–27

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «In Celebration of The Tale of Genji, the World's First Novel». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 12. oktober 2019. 
  2. 2,0 2,1 Mulhern (1994), 257–258
  3. Shirane (2008b), 293
  4. Henshall (1999), 24–25
  5. Shirane (1987), 215
  6. 6,0 6,1 6,2 Bowring (2004), 4
  7. Chokusen Sakusha Burui 勅撰作者部類
  8. Inge (1990), 9
  9. 9,0 9,1 Mulhern (1991), 79
  10. Adolphson (2007), 111
  11. Ueno (2009), 254
  12. Shirane (1987), 218
  13. Puette (1983), 50–51
  14. Green, Michelle. "Kyoto Celebrates a 1000-Year Love Affair". (31. desember 2008). The New York Times. Henta 9. august 2011
  • Adolphson, Mikhael; Kamens, Edward and Matsumoto, Stacie. Heian Japan: Centers and Peripheries. (2007). Honolulu: Hawaii UP. ISBN 978-0-8248-3013-7
  • Aston, William. A History of Japanese Literature. (1899). London: Heinemann.
  • Bowring, Richard John (ed). "Introduction". in The Diary of Lady Murasaki. (1996). London: Penguin. ISBN 978-0-14-043576-4
  • Bowring, Richard John (ed). "Introduction". in The Diary of Lady Murasaki. (2005). London: Penguin. ISBN 978-0-14-043576-4
  • Bowring, Richard John (ed). "The Cultural Background". in The Tale of Genji. (2004). Cambridge: Cambridge UP. ISBN 978-0-521-83208-3
  • Frédéric, Louis. Japan Encyclopedia. (2005). Cambridge, MA: Harvard UP. ISBN 978-0-674-01753-5
  • Geczy, Adam. Art: Histories, Theories and Exceptions. (2008). London: Oxford International Publishers. ISBN 978-1-84520-700-7
  • Inge, Thomas. "Lady Murasaki and the Craft of Fiction". (May 1990) Atlantic Review. (55). 7–14.
  • Henshall, Kenneth G. A History of Japan. (1999). New York: St. Martin's. ISBN 978-0-312-21986-4
  • Kodansha Encyclopedia of Japan. (1983) New York: Kōdansha. ISBN 978-0-87011-620-9
  • Keene, Donald. Seeds in the Heart: Japanese Literature from Earliest times to the Late Sixteenth Century. (1999). New York: Columbia UP. ISBN 978-0-231-11441-7
  • Keene, Donald. The Pleasures of Japanese Literature. (1988). New York: Columbia UP. ISBN 978-0-231-06736-2
  • The Japan Book: A Comprehensive Pocket Guide. (2004). New York: Kodansha International. ISBN 978-4-7700-2847-1
  • Lillehoj, Elizabeth. Critical Perspectives on Classicism in Japanese Painting, 1600–17. (2004). Honolulu: Hawaii UP. ISBN 978-0-8248-2699-4
  • Lockard, Craig. Societies, Networks, and Transitions, Volume I: To 1500: A Global History. (2008). Boston: Wadsworth. ISBN 978-1-4390-8535-6
  • Mason, R.H.P. and Caiger, John Godwin. A History of Japan. (1997). North Clarendon, VT: Tuttle Publishing. ISBN 978-0-8048-2097-4
  • McCormick, Melissa. "Genji Goes West: The 1510 Genji Album and the Visualization of Court and Capital". (March 2003). Art Bulletin. (85). 54–85
  • McCullough, Helen. Classical Japanese Prose: An Anthology. (1990). Stanford CA: Stanford UP. ISBN 978-0-8047-1960-5
  • Mostow, Joshua. "Mother Tongue and Father Script: The relationship of Sei Shonagon and Murasaki Shikibu". in Copeland, Rebecca L. and Ramirez-Christensen Esperanza (eds). The Father-Daughter Plot: Japanese Literary Women and the Law of the Father. (2001). Honolulu: Hawaii UP. ISBN 978-0-8248-2438-9
  • Mulhern, Chieko Irie. Heroic with Grace: Legendary Women of Japan. (1991). Armonk NY: M.E. Sharpe. ISBN 978-0-87332-527-1
  • Mulhern, Chieko Irie. Japanese Women Writers: a Bio-critical Sourcebook. (1994). Westport CT: Greenwood Press. ISBN 978-0-313-25486-4
  • Perez, Louis G. The History of Japan. (1990). Westport CT: Greenwood Press. ISBN 978-0-313-30296-1
  • Puette, William J. The Tale of Genji: A Reader's Guide. (1983). North Clarendon VT: Tuttle Publishing. ISBN 978-0-8048-3331-8
  • Reschauer, Edwin. Japan: The Story of a Nation. (1999). New York: McGraw-Hill. ISBN 978-0-07-557074-5
  • Shirane, Haruo. The Bridge of Dreams: A Poetics of "The Tale of Genji". (1987). Stanford CA: Stanford UP. ISBN 978-0-8047-1719-9
  • Shirane, Haruo. Envisioning the Tale of Genji: Media, Gender, and Cultural Production. (2008a). New York: Columbia UP. ISBN 978-0-231-14237-3
  • Shirane, Haruo. Traditional Japanese Literature: An Anthology, Beginnings to 1600. (2008b). New York: Columbia UP. ISBN 978-0-231-13697-6
  • Shively, Donald and McCullough, William H. The Cambridge History of Japan: Heian Japan. (1999). Cambridge UP. ISBN 978-0-521-22353-9
  • Tsunoda, Bunei. "Real name of Murasahiki Shikibu". Kodai Bunka (Cultura antiqua). (1963) (55). 1–27.
  • Ueno, Chizuko. The Modern Family in Japan: Its Rise and Fall. (2009). Melbourne: Transpacific Press. ISBN 978-1-876843-56-4
  • Waley, Arthur. "Introduction". in Shikibu, Murasaki, The Tale of Genji: A Novel in Six Parts. translated by Arthur Waley. (1960). New York: Modern Library.
Spire Denne litteraturartikkelen som har med Japan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.