Mureş

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mureş
elv
none  Mureş i Arad i Romania
Mureş i Arad i Romania
Land Romania Romania
Ungarn Ungarn
Kjelde Harghita i Romania
 - høgd 850 m moh
Munning Tizsa
Lengd 761 km km
Nedslagsfelt 27 049 km² km²
Vassføring
 - middel 155 m³/s /s
Wikimedia Commons: Mureș River

Mureş (på rumensk) eller Maros (på ungarsk) er ei 725 km lang elv i Aust-Europa. Ho har sitt utspring i Giergeukjeda aust i Karpatane i Romania og munnar ut i Tisza ved Szeged søraust i Ungarn.

Mureş renn gjennom dei rumenske fylkea Harghita, Mureş, Alba, Hunedoara og Arad, og det ungarske fylket Csongrád. Byane Topliţa, Reghin, Târgu Mureş, Iernut, Luduş, Ocna Mureş, Aiud, Teiuş, Alba Iulia, Deva og Arad i Romania og Makó og Szeged i Ungarn ligg alle langs elva.

Mureş vart kalla Marisus i antikken. På tysk vart ho óg kalla Mieresch og Marosch av dei transylvanske Siebenbürgen-sakserane og det ein gong austerrikske Habsburg-styret. Salt vart frakta på elva i mellomalderen på store flåtar.

Den ungarske delen av Maros er 50 km lang (21 km av ho dannar landegrensa mellom dei to landa). Om lag 2 850 mål på nordsida av elva er ein del av Körös-Maros nasjonalpark.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]