Musée Carnavalet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Musée Carnavalet
Skalamodell som syner Paris på 1500-talet.

Musée Carnavalet er bymuseet i Paris i Frankrike, opna i desember 1880, adresse: 23, rue de Sévigné, 75003 Paris.

Museet har som oppgåve å gjere greie for soga til Paris frå byrjinga og fram til våre dagar. I museet er synt fram mellom anna arkeologiske samlingar, framifrå samlingar som gjeld Den franske revolusjonen, og dessutan målerisamlingar, skulptursamlingar og samlingar av andre typar kunst, historiske gjenstandar, mellom anna skilt, møblar, interiør og inventar frå fleire periodar, skalamodellar og modellar av arkitektur frå ulike tidsbolkar, fotografi, pengar frå fortida fram til notida, stemplar, segl og mykje meir. Om lag 7 000 gjenstandar er stilt ut av dei til saman 580 000 som museet har.

Museumsbygningane[endre | endre wikiteksten]

Museet held til i dei gamle, historiske bygningane l'hôtel de Carnavalet og l'hôtel Le Peletier de Saint-Fargeau, som er forbundne med kvarandre med ein korridor på nivå med andre høgda i bygningane. Båe bygningane vart bygde og opphavleg nytta som privatbustader, såkalla hôtel particulier, som er ei nemning som vert nytta i Frankrike og av fransktalande i Belgia på luksuriøse, store bustadshus i sentrum av byar, der berre ein familie og tenarane deira bur. Dette er bakgrunnen for at omgrepet «hôtel» er nytta i samband med namna til dei to bygningane.

Hôtel Carnavalet vart bygd i tida mellom 1548 og 1560 av Pierre Lescot for presidenten i Parlement de Paris, Jacques de Ligneris. Grunnplanen er firkanta, og av di bygningen representerte i si tid noko nytt i pariserakitekturen, vart arkitekturen føredøme for tilsvarande bygningar, som altså vert kalla hôtel. Statuane på bygningen er meisterverk av Jean Goujon og verkstaden hans. I 1578 vart Françoise de Kernevenoy eigar, ho var enkje etter den bretonske adelsmannen François, som var kalla Carnavalet, og soleis har gjeve namn åt bygningen. På 1650-talet vart bygningen ombygd og utvida med ein ny fløy dekorert med skulpturar av Gérard van Opstal.

Etter revolusjonen vart bygningen teke i bruk av l'École des ponts et chaussées (teknisk skule for vegbygging og vegvesen), deretter av andre institusjonar (Liévyns og så Verdo), før bygningen vart innløyst av byen Paris (Ville de Paris) i 1866 etter tilråding frå baron Haussmann. Bygningen vart renovert og utvida frå 1871 til 1890 for å hyse dei historiske samlingane åt byen Paris. I bygningen vart det inkorporert utvalde kvalitetsparti frå gamle hus som vart rive under den store endringa og utbygginga som Paris gjekk gjennom i denne tida. Såleis vart innbygd i Hôtel Carnavalet både 1400-talsbogen frå rue de Nazareth på l'île de la Cité, fasaden frå 1600-talet frå kontoret til kledehandlarane (Pavillon des Drapiers) i dei gamle salshallane i 11 rue des Déchargeurs, og eit bygningselement frå hôtel Desmarets frå byrjinga av 1700-talet.

Veksten i samlingane gjorde det etter kvart naudsynt med ei ny utviding, ferdig i 1914.

Hôtel Le Peletier de Saint-Fargeau vart bygd av intendant des finances Michel Le Peletier de Souzy, som kjøpte eigedomen i 1686, reiv den gamle bygningen og bygde den som står her no, mest truleg ved å nytte somme partar av fundamenta til den gamle bygningen for den nye. Arkitekt var Pierre Bullet (1639-1716). Etter at Souzy døydde i 1725, overtok hans eldste son, Michel Robert Le Peletier des Forts (1675-1740), eigedomen, og deretter sonesonen hans, Michel Étienne Le Peletier de Saint-Fargeau (1736-1778). Namnet på bygningen skriv seg frå denne ætta.

Etter fleire skifte av eigarar vart eigedomen innløyst av byen Paris (Ville de Paris) i 1895, og Bibliothèque historique de la Ville de Paris (det historiske biblioteket for Paris) flytta inn i 1896-1897, og vart verande her fram det vart flytta til l'hôtel de Lamoignon i 1968. Bygningen stod deretter tom fram til han i 1989 vart ein part av Musée Carnavalet etter å ha vore restaurert og ominnreia. Bygningen i si nye skapnad hyser dei arkeologiske samlingane, plassert i det gamle orangeriet, samlingane som gjeld revolusjonen, og samlingane som gjeld 1800- og 1900-talet. Konserveringsavdelinga og og tenesteavdelinga hjå museet er òg plassert her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]