Mutasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mutasjon er ei endring i eit gen eller kromosom under ei celledeling. Omgrepet mutasjon vart innført i 1901 av den nederlandske biologen, genetikeren og botanikeren Hugo de Vries (1848-1935).

Sjølv om cellene kopierer DNA-molekyla med stor nøyaktigheit, skjer det nokre gonger feil. Då kan rekkjefølgje av baser i genet bli endra, og vi har fått ein mutasjon. Når mutasjonar skjer under danninga av ei kjønnscelle, kan den bli overført til dee neste generasjonane. Nokre feil skjer under replikasjonen, mens andre kan skyldast omgjevnadene, t.d. biotopmessige endringar eller andre ytre påverknadsfaktorar.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.