Mystic Eyes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mystic Eyes
Singel av Them
frå albumet The Angry Young Them
B-side «If You And I Could Be As Two» (Morrison)
Utgjeve 12. november 1965 (UK); Oktober 1965 (US)
Lengd 2:43
Selskap Decca Records (UK)
Parrot Records (US)
Låtskrivar(ar) Van Morrison
Them-kronologi
«Here Comes the Night»
(1964)
Mystic Eyes «Call My Name»
(1966)


«Mystic Eyes» er ein song skriven av den nordirske songaren og låtskrivaren Van Morrison då han var frontmann i bandet Them. Det var den første songen på debutalbumet deira, The Angry Young Them som kom ut i juni 1965. Han vart gjeven ut på singel i USA i oktober 1965 og i Storbritannia den 12. november 1965. Songen nådde 33. plassen i USA, men nådde ikkje singellista i Storbritannia.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

I 1965 forklarte Van Morrison til ein skribent frå Belfast at songen hadde oppstått under ein jam under den første innspelinga for albumet. «Nokon byrja å spele eit kjapt riff og me andre berre heiv oss på. Teksten eg song mot slutten var berre ord frå ein song eg skreiv på på denne tida.»[1]

Tommy Scott, som var fungerande produsent for Them-innspelinga etter at Bert Berns hadde reist attende til Amerika, skildra korleis «Mystic Eyes» kom til i studio etter å ha byrja som ein instrumental: «etter å ha blåst i munnspelet sitt i sju minuttar, ropte Van brått ut denne teksten.» Det ti minuttar lange opptaket vart korta ned til ei singellengd med å kutte ned byrjinga og slutten av instrumentalen. Songen vart spelt inn i Regent Sound, eit monostudio i Denmark Street i London.[2] Jimmy Page, som då var ein relativt ukjend studiogitarist, spelte sologitar på innspelinga.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Mystic Eyes» vart ikkje gjeven ut på singel før fire månader etter albumet kom ut. Det vart oppfølgjaren til singelen «(It Won't Hurt) Half As Much», som ikkje gjekk inn på listene verken i Storbritannia eller USA. «Mystic Eyes» vart ein suksess i USA, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia. Det var den nest største suksessen Them fekk i USA, etter «Here Comes the Night».

Greil Marcus fortalte om då han høyrde «Mystic Eyes» for første gongen: «Eg hadde aldri høyrt noko slikt som det. Eit stykke musikk som visstnok var laga for radiospeling, med denne lange instrumentale introduksjonen som i røynda var heile songen.»[3] Marcus skreiv òg i ein artikkel for Rolling Stone i 1969 om Van Morrison: «'Mystic Eyes' var ein triumf for både Van, som artisten som ikkje var ansvarleg for nokon andre enn seg sjølv, og for bandet. Van skreiv teksten etter å ha sett barn leike kring gravsteinane på ein gammal gravplass, og vokalen bestod i røynda av Van som messa demoniske sverjingar over eit rasande tempo og dei rå akkordane frå ein bitande gitar.»[4]

I media[endre | endre wikiteksten]

Songen vart nytta i HBO-serien The Sopranos, og finst på albumet Soundtrack to the Sopranos frå 2000.[5]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Tom Petty & The Heartbreakers spelte ofte «Mystic Eyes» på konsertane sine. Ein versjon frå 2006 var med på den fire plater store versjonen av dokumentaren om Tom Petty, kalla Runnin' Down a Dream.[6] Denne versjonen finst òg i plateboksen The Live Anthology.[7]

Notes[endre | endre wikiteksten]

  1. Heylin, Can You Feel the Silence?, s. 106-107
  2. Heylin, Can You Feel the Silence?, s. 107
  3. Heylin, Can You Feel The Silence?«, s. 106
  4. Rolling Stone Magazine: Greil Marcus review:Astral Weeks 1969-03-01
  5. «Reviews of soundtrack to The Sopranos». psnw.com. Henta 25. mars 2018. 
  6. «Mudcrutch Farm - Runnin' Down a Dream». mudcrutch.com. Henta 24. mars 2018. 
  7. Collette, Doug (20. februar 2010). «Tom Petty & The Heartbreakers: The Live Anthology». allaboutjazz. Henta 25. mars 2018.