Them

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Them
Them (band).png
Them i 1965
OpphavBelfast i Nord-Irland
Aktiv
  • 1964–1972
  • (ein samankomst i 1979)
Sjanger
Plateselskap

Them var eit nordirsk band skipa i Belfast i april 1964, og mest kjend for garasjerock-standarden «Gloria» og for å ha lansert karrieren til songaren Van Morrison.[4] Dei opphavlege fem medlemmane i bandet var Morrison, Alan Henderson, Ronnie Milling, Billy Harrison og Eric Wrixon. Gruppa vart i USA marknadsført som ein del av den britiske bølgja.[5]

Them fekk to hittar i Storbritannia i 1995 med «Baby, Please Don't Go» (10. plassen i Storbritannia) og «Here Comes the Night» (2. plassen i Storbritannia og Irland). Den sistnemnde songen og «Mystic Eyes» gjekk inn på Topp 40 i USA.[4]

Morrison slutta i bandet i 1966 og fekk ei suksessrik karriere som soloartist. Trass i relativt få hitsinglar, vert Belfast-gruppa rekna for å ha stor innverknad på andre band, som The Doors.[4]

Skiping[endre | endre wikiteksten]

I april 1964 skipa Van Morrison ein R&B-klubb på Maritime Hotel i Belfast med entreprenørane Jimmy Conlon, Jerry McKernan og Gerry McKervey (kjende som «3Js»). Morrison gav beskjed til gruppa han spelte i på den tida, The Golden Eagles. Etter kvart som opninga av klubben nærma seg, ønskte Morrison å finne den perfekte besetninga i gruppa. Han hadde nyleg møtt The Gamblers, ei gruppa i Aust-Belfast skipa i 1962 av Ronnie Milling (trommer), Billy Harrison (gitar og solovokal) og Alan Henderson (bassgitar). Eric Wrixon, som framleis gjekk på skule, spelte piano og klaverinstrument. Morrison spelte sjølv tenorsaksofon, munnspel og song. Gruppa øvde over sykkelbutikken til Dougie Knight i Shaftesbury Square i Belfast for å førebu seg til debuten på Maritime. Gruppa følte dei trengde eit nytt namn og dei gjekk med på forslaget til Eric Wrixon om å kalle seg Them etter science-fiction-skrekkfilmen frå 1954.[6]

Maritime Hotel[endre | endre wikiteksten]

Den 14. april 1964 stod det ei annonse i ei avis i Belfast som spurte: «Who Are? What Are? THEM». Ei liknande annonse stod det fredagen før konserten (17. april 1964) som annonserte at Them skulle spele den kvelden på Club Rado på Maritime Hotel. Them spelte fast på klubben og med plass til berre 200 personar, vart det raskt fullt etter den tredje veka.[7]

Them spelte utan ei fast setliste og brukte energien frå publikum. Morrison sa seinare at medan bandet ikkje var i sitt rette element når dei spelte inn plater, så «var måten me spelte på Maritime meir spontant, meir energisk, meir av alt, fordi me fekk så mykje energi frå publikum».[8] Morrison improviserte songar medan dei spelte og «Gloria», den klassiske songen han hadde skrive då han var 18 år gamma, tok form her og kunne vare opp til 20 minuttar.[9] I følgje Morrison så «levde og døydde Them på scenen på Maritime Hotel», men berre særs dårlege lydopptak finst frå staden. Eit opptak frå ein tilhengjar av «Turn On Your Love Light» fann vegen til Mervyn og Phil Solomon, som tok kontakt med Dick Rowe i Decca Records. Rowe reiste så til Belfast for å sjå Them spele. Rowe og Phil Solomon gjekk med på ein toårskontrakt med bandet. Morrison, som då var 18 år, fekk faren til å signere for seg. I løpet av få veker vart gruppa henta til England og platestudioet til Decca i West Hampstead for den første innspelinga deira.[10][11][12]

Med Decca[endre | endre wikiteksten]

Den første innspeling til Them fann stad i London den 5. juli 1964. «Turn on Your Love Light» og «Gloria» vart spelte inn denne dagen og det same vart dei to sidene av den første singelen deira, «Don't Start Crying Now» og «One Two Brown Eyes», i tillegg til «Groovin'», «Philosophy» og Bo Diddley sin «You Can't Judge a Book by Its Cover». Innspelinga var spesiell for dei nytta to trommespor, som ein kan tydeleg høyre på stereomiksane av «Gloria» og «One Two Brown Eyes». Rowe brukte studiomusikarane Arthur Greensladeorgel og Bobby Graham på det andre trommesettet.[13] På dette tidspunktet vart det klart at foreldra til Eric Wrixon, som var mindreårig, ikkje kom til å signere kontrakten på hans vegner, så han vart erstatta av Pat John McAuley.[11][13] Singelen kom ut i august, men selde dårleg.

På den neste singelen deira, Big Joe Williams sin «Baby Please Don't Go», kom Andy White inn på trommer, Phil Coulter spelte andre klaverinstrument og Jimmy Page spelte rytmegitar. Sologitaren vart spelt inn av Billy Harrison. Han kom ut i november med «Gloria» som B-side. I desember 1964 spelte Them på fjernsyn for første gongen, i lag med The Rolling StonesReady Steady Go!.[14] Manageren deira, Phil Solomon fekk songen nytta som kjenningsmelodi for showet, og i løpet av to veker klatra singelen til 19. plassen på UK Singles Chart, og nådde til slutt 10. plassen.[15]

I januar 1965 turnerte Them i England for andre gongen, og overnatta på Royal Hotel, der DJ-en Jimmy Savile hadde basen sin i London. Savile hjelpte til å marknadsføre bandet i spalta si i The People, men Them fekk eit rykte for dårleg oppførsel og sarkasme i intervjua sine. Billy Harrison sa at haldningsproblemet kan ha kome av den anti-irske nasjonalkjensla på den tida. Men då dei vart intervjua av ein reporter frå Irish Independent skreiv reporteren, «Dei var den mest uhøflege ungdomsgjengen eg nokon gong har treft i den korte karrieren min». Phil Coulter fortalte om intervjuet til ein kvinnelege reporter: «Dei berre sat der og mumla eitt or her og der til seg sjølv og gav ho merkelege svar». (Som soloartist heva Morrison slike intervju til «ei negativ kunstform»).[16] Manageren deira marknadsførte Them med å få dei til å stille opp på Ready Steady Go! og så Top Of The Pops, der dei i staden for å spele live, var venta å mime til songane. Om desse framføringane sa Morrison at det «var latterleg. Me var så i mot slike ting... og me måtte ha på oss dress og sminke og alt der der...» Han sa òg at bandet fram til då meinte programmet var ein stor vits.[17]

Den neste utgjevinga til Them vart den største hitten deira i Storbritannia, «Here Comes the Night». Det var produsenten, Bert Berns, som skreiv songen. Han var ein amerikanar som òg hadde vore med å skrive «Twist and Shout». Med B-sida «All for Myself» nådde han andreplassen på den britiske singellista den 22. april 1965, fem veker etter han gjekk inn på lista. I USA nådde songen 24. plassen i mai.[18] Begge songane kjem frå den same innspelinga i oktober 1964 då dei spelte inn «Baby Please Don't Go», men vart for ei stund langt på hylla av Decca til fordel for Lulu sin versjon av «Here Comes the Night» som nådde 50. plassen på den britiske singellista.[19]

Den 11. april 1965 spelte Them på NME Pollwinners Concert i Wembley Empire Pool: Jimmy Savile var konsertmeister for kvelden, der òg The Beatles, The Rolling Stones, The Kinks, The Animals, The Searchers, The Moody Blues og Dusty Springfield spelte. Banda var venta å halde seg til dei siste hittane sine, men Them var frekk å glei frå «Here Comes the Night» og over i ein sju minuttar lang versjon av «Turn on Your Lovelight».[20] Etter framføringa sa Derek Johnson i NME at Morrison hadde «meir genuin soul enn nokon andre britiske artistar».[21]

Bandet gav ut det første albumet sitt The Angry Young Them i juni 1965 i Storbritannia og det kom ut i USA på Parrot Records i juli. Men Them-singelen «One More Time», valt ut av Phil Solomon, mislukkast – i følgje Billy Harrison fordi han aldri var singelmateriale.[22] I juli 1965 fekk bandet inn den engelske trommeslagaren Terry Noon og den skotske sologitaristen Joe Baldi, men desse slutta i september. Det andre albumet deira, Them Again, kom ut i januar 1966 i Storbritannia og i april 1966 i USA.

Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

I USA vart gruppa marknadsført som ein del av den britiske bølgja.[5] Etter suksessen med «Here Comes the Night», fekk bandet ein ny hit seinare i 1965 med «Mystic Eyes», som nådde 33. plassen. Them Again kom ut i april 1966 i USA og gjekk inn på albumlista. Bandet byrja ein turné i USA i mai 1966.[23] Frå 30. mai til 18. juni spelte Them fast på den kjende Whisky a Go Go i Los Angeles. For den siste veka var The Doors oppvarming for Them og på den siste kvelden jamma dei to banda på ein tjue minuttar lang versjon av «Gloria» og ein 25 minuttar lang versjon av «In the Midnight Hour».[24] Them drog vidare til The Fillmore i San Francisco i California og så til Hawaii, der bandmedlemmane og managerane byrja å krangle om pengar. Bandet braut saman og Morrison og Henderson drog attende til Belfast medan Ray Elliott og David Harvey valte å bli verande i Amerika.[25]

Van Morrison sette oppløysinga av Them i samanheng: «Det var ikkje noko motiv bak noko du gjorde den gongen. Du berre gjorde det fordi du ville det og fordi du likte å gjere det. Det var slik det byrja, men det endra seg etter kvart og alle som var involverte endra seg òg, inkludert meg sjølv.» (1967) «Du kan ikkje ta noko slik som det, putte det i ein boks og sette eit fint namn på det, som du kan prøve å selje. Det er det dei prøvde på. Det er det som tok livet av Them.» (1973)[26]

Van Morrison fekk vidare stor suksess som soloartist, men Them sin kombinasjon av garasjerock og bluesvart ei stor inspirasjonskjelde for den neste generasjonen av rockemusikarar, og dei mest kjende singlane deira har blitt mykje spelt av andre rockeartistar.[4]

Etter Morrison[endre | endre wikiteksten]

Seint i august 1965 danna Billy Harrison og Pat McAuley eit rivaliserande Them, som konkurrerte med Morrison/Henderson-besetninga og førte til søksmål.[27] I mars 1966 vann sistnemnde rettane til namnet, medan dei førstnemnde, no utan Harrison, men med broren til Pat, Jackie McAuley, berre fekk løyve til å kalle seg «Other Them» i Storbritannia. McAuley-brørne vart uoffisielt The Belfast Gypsies, men dei vart aldri marknadsført slik, og spelte inn to singlar på Island Records (ein av dei under namnet Freaks of Nature) og eit album som berre kom ut i Sverige. Alle var produserte av Kim Fowley.[28] Dei turnerte i Europa som Them og gav ut ein fransk EP under dette namnet, men vart oppløyst i november 1966.[29] Ikkje lenge etter vart Morrison-besetninga òg oppløyst. I mars 1967 gjorde Morrison ein kort turné i Nederland, akkompagnert av Cuby & the Blizzards før han reiste til New York for å satse på solokarrieren. Resten samla seg i Belfast, tok inn Kenny McDowell som frontmann og fortsette å turnere og spele inn musikk etter å ha flytta til USA tidleg i 1967, etter ein invitasjon frå produsenten Ray Ruff. På to album, Now and Them og Time Out! Time In for Them, eksperimenterte bandet med psykedelia.[30] Jim Armstrong og Kenny McDowell drog så attende til Belfast for å spele som Sk'boo (Armstrong, McDowell og Ray Elliot kom saman att i Chicago i 1969 som «Truth» og spelte inn ei rekkje demoar og filmmusikksongar som seinare kom ut som Of Them And Other Tales). Henderson hyrte studiomusikarar for to album til for Ray Ruff sitt Happy Tiger Records, i ein hardrockstil med element av country og folk: Them (1970) med Jerry Cole som gitarist og Them In Reality (1971) med Jim Parker på gitar og John Stark på trommer (begge tidlegare i Kitchen Cinq). Henderson skreiv òg ein rockeopera, Truth Of Truths, som var produsert av Ray Ruff i 1971.[31] Alle desse selde dårleg og i 1972 var det heilt slutt for Them. Alan Henderson, Billy Harrison og Eric Wrixon kom saman att i 1979, utan Morrison, og spelte inn eit album,Shut Your Mouth, og drog på turné i Tyskland med Billy Bell på gitar og Mel Austin som vokalist. Sidan 1990-åra har Wrixon turnert under namnet «Them the Belfast Blues Band», som stundom har hatt med seg dei tidlegare Them-gitaristane Jim Armstrong og Billy Harrison.

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga frå 1964 av «Gloria» vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1999.[32] Han vart rangert på 69. plassen i boka til Dave Marsh frå 1989 kalla The Heart of Rock and Soul, The 1001 Greatest Singles Ever og «Mystic Eyes» vart i same boka rangert på 458. plassen.[33] «Gloria» vart rangert på 208. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene..[34]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Van Morrison[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • Don't Start Crying Now / One Two Brown Eyes – (1964)
  • Baby, Please Don't Go / Gloria – (1964) UK nr. 10, US nr. 102
  • Here Comes the Night / All For Myself – (1965) UK nr. 2, IRE nr. 2, US nr. 24
  • One More Time / How Long Baby – (1965)
  • Gloria / Baby, Please Don't Go – (1965) US nr. 93, US nr. 71 (nyutgjeving 1966)
  • (It Won't Hurt) Half As Much / I'm Gonna Dress In Black – (1965)
  • Mystic Eyes / If You And I Could Be As Two – (1965) US nr. 33
  • Call My Name / Bring 'em On In – (1966)
  • I Can Only Give You Everything / Don't Start Crying Now – (1966)
  • It's All Over Now, Baby Blue / I'm Gonna Dress In Black (Nederland) – (1966)
  • Richard Cory / Don't You Know – (1966)
  • Friday's Child / Gloria – (1967)
  • The Story Of Them, Part 1 / The Story Of Them, Part 2 – (1967)
  • It's All Over Now, Baby Blue / Bad or Good – (1973) GER nr. 13

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • Them – (1965) – Don't Start Crying Now/Philosophy/One Two Brown Eyes/Baby, Please Don't Go
  • Them – (1984) UK nr. 5

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • The World of Them – (1970) (UK Decca- PA/SPA-86)
  • Them Featuring Van Morrison – (1972) – A double LP consisting of 20 cuts from first two US albums
  • Rock Roots – (1976), Decca
  • The Story of Them – (1977)
  • Them Featuring Van Morrison – (1985)
  • The Story of Them Featuring Van Morrison – (1997), Deram
  • Gold – (2005), Deram; 2006 release Universal International; 2008 release Universal Japan. Contains 49 tracks, all from the Van Morrison period.
  • The Complete Them 1964-1967 – (2015), Legacy; contains 69 tracks over 3 discs featuring Van Morrison.

Etter Morrison[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Them Belfast Gypsies – (august 1967, berre Skandinavia) Sonet
  • Now And Them – (Januar 1968), Tower
  • Time Out! Time In For Them – (November 1968), Tower
  • Them – (1970), Happy Tiger
  • Them In Reality – (1971), Happy Tiger
  • Shut Your Mouth – (1979), Teldec

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • Secret Police / Gloria's Dream – (juni 1966 USA), Loma 2051 (som The Belfast Gipsies)[35]
  • Gloria's Dream / Secret Police – (oktober 1966 UK), Island WI 3007 (som Belfast Gipsies)
  • Portland Town / People Let's Freak Out – (oktober 1966 USA), Loma 2060 (som The Belfast Gipsies)[36]
  • People Let's Freak Out / The Shadow Chasers ('Secret Police') – (desember 1966 UK), Island WI 3017 (Belfast Gypsies som Freaks of Nature)
  • Portland Town / Boom Boom – (1967, berre Sverige), Sonet T 7672 (Belfast Gypsies omtalt som 'Them')
  • Dirty Old Man (At the Age of Sixteen) / Square Room – (August 1967), Sully Records 1021
  • Walking In The Queen's Garden / I Happen To Love You – (November 1967), Ruff Records 1088
  • Dirty Old Man (At the Age of Sixteen) / Square Room – (Desember 1967) Tower
  • Walking In The Queen's Garden / I Happen to Love You – (Desember 1967), Tower
  • But It's Alright / Square Room – (April 1968), Tower
  • Waltz of the Flies / We've All Agreed To Help – (1969), Tower
  • Corina / Dark are the Shadows – (March 1969), Tower
  • I am Waiting / Lonely Weekends – (1969), Happy Tiger
  • Memphis Lady / Nobody Cares – (1970), Happy Tiger

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • Gloria's Dream – Gloria's Dream / Secret Police / Aria (misspelled Aira) Of The Fallen Angels / The Crazy World Inside Me – (1967, berre Frankrike, som Them)
  • Portland Town – Portland Town / It's All Over Now, Baby Blue / Midnight Train / The Gorilla – (1967, berre Frankrike, som Them)

Medlemmmar[endre | endre wikiteksten]

  • Van Morrison – solovokal, saksofon, munnspel (1964-1966)
  • Alan Henderson – bass (1964-1966, 1966-1971, 1979; død 2017)
  • Billy Harrison – gitar, vokal (1964-1965)
  • Ronnie Milling – trommer (1964)
  • Eric Wrixon – klaverinstrument (1964, 1965; død 2015)
  • Pat McAuley – klaverinstrument (1964), trommer (1964-1965)
  • Jackie McAuley – klaverinstrument (1965)
  • Peter Bardens – klaverinstrument (1965; død 2002)
  • Joe Baldi – gitar (1965)
  • Terry Noon – trommer (1965)
  • Jim Armstrong – gitar (1965-1966, 1966-1969, 1979)
  • John Wilson – trommer (1965)
  • Dave Harvey – trommer (1965-1966)
  • Steve Reush – trommer (1966)
  • Sammy Stitt – trommer (1966)
  • Eric Bell – gitar (1966)
  • Mike Brown – bass (1966)
  • Joe Hanratty – trommer (1966)
  • Kenny McDowell – solovokal (1966-1969)
  • Dave Harvey – trommer (1966-1969)
  • Ray Elliot – klaverinstrument, saksofon, fløyte (1966-1967)
  • Jerry Cole – vokal, gitar, perkusjon (1969-1970; død 2008)
  • Jim Parker – gitar, vokal (1970-1971)
  • John Stark – trommer, solovokal (1970-1971)
  • Mel Austin – solovokal (1979)
  • Billy Bell – trommer (1979)
  • Brian Scott – klaverinstrument, fløyte (1979)

Other Them / Belfast Gypsies
  • Pat McAuley – organ (1965-1966), trommer (1966)
  • Mark Scott – bass (1965-1966)
  • Nick Wymer – solovokal (1965-1966)
  • Skip Alan – trommer (1965)
  • Billy Harrison – gitar (1965)
  • 'Don' – gitar (1965-1966)
  • Viv Prince – trommer (1965)
  • Ken McLeod – trommer (1965-1966), gitar (1966)
  • Jackie McAuley – solovokal, organ, munnspel (1966)
  • Peter Bardens – klaverinstrument (1966)
Truth
  • Jim Armstrong – gitar (1969-1971)
  • Curtis Bachman – bass (1969-1971)
  • Kenny McDowell – solovokal (1969-1971)
  • Reno Smith – trommer (1969-1971)
  • Ray Elliot – klaverinstrument, fløyte (1970)
  • Buddy Clark – trommer (1971)
Them - The Belfast Blues Band[37]
  • Eric Wrixon – klaverinstrument, solovokal (1993-2015)
  • Jim Armstrong – gitar (1993-2003)
  • John Wilson – trommer (1993-?)
  • Billy Bell – trommer
  • Ally MacKenzie – bass
  • Siggi Heilek – trommer
  • Billy McCoy – gitar (?-2015)
  • Luca Nardi – bass (?-2015)
  • Tom Wagener – trommer (?-2015)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Van Morrison Biography». The Rock and Roll Hall of Fame and Museum. Henta 24. mars 2018. 
  2. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The New Rolling Stone Album Guide. Simon and Schuster. s. 560. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  3. Erik Hage (2009). The Words and Music of Van Morrison. ABC-CLIO. s. 22. ISBN 978-0-313-35862-3. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Unterberger, Richie. «Them Biography on All Music.com». Allmusic. Henta 24. mars 2018. 
  5. 5,0 5,1 «Chapter 6. The Second Insurgency». Montreal.com. Henta 24. mars 2018. 
  6. Rogan, s. 79–83
  7. Turner, s. 44.
  8. Turner, s. 44-45
  9. Heylin, s. 76
  10. Turner, p.46.
  11. 11,0 11,1 Hinton, s. 39–46.
  12. «Story of Them featuring Van Morrison». Eclecticparrot. Henta 24. mars 2018. 
  13. 13,0 13,1 Turner, s. 48–51
  14. Turner, s. 51
  15. Heylin, s. 100–101
  16. Rogan, s. 108–111
  17. Rogan, s. 111–112
  18. Turner, pp.51–52
  19. Brown, Tony, Jon Kutner & Neil Warwick, The Complete Book of the British Charts: Singles and Albums, Omnibus Press, London, 2002 p.608
  20. Heylin, p.104
  21. Hinton, s.53
  22. Heylin, s. 105
  23. Hinton, s. 65
  24. «The History of the Whisky-A-Go-Go». Chickenonaunicyle.com. 23. januar 2006. Henta 24. mars 2018. 
  25. Hinton, s. 69–54
  26. Heylin, s. 112
  27. Rogan, s. 141–142
  28. «Kim Fowley». Richieunterbunter.com. 2. mars 2004. Henta 24. mars 2018. 
  29. «A Brief True History Of Belfast Gypsies». Ken McLeod. Henta 24. mars 2018. 
  30. «Them and Now». Nimic. 23. januar 2004. Henta 24. mars 2018. 
  31. McAlester, Keven (29. desember 2004). «The Story of Val Stoecklein’s Grey Life». Citypaper.com. Henta 24. mars 2018. 
  32. «GRAMMY Hall Of Fame Award». National Academy of Recording Arts and Sciences. 1999. Henta 24. mars 2018. 
  33. «Dave Marsh the 1001 greatest Singles Ever». Rocklistmusic.co.uk. Henta 24. mars 2018. 
  34. «The Rolling Stone 500 Greatest Songs of All Time». Rocklistmusic.co.uk. 9. desember 2004. Henta 24. mars 2018. 
  35. «Loma 2051: The Belfast Gipsies - Secret police / Gloria's dream (Round and Around)». Lomarecords.com. Henta 24. mars 2018. 
  36. «Loma 2060: The Belfast Gipsies - Portland town / People, let's freak out. Listen!». Lomarecords.com. Henta 24. mars 2018. 
  37. Warburton, Nick. «Them». Garage Hangover. Henta 24. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]