Van Morrison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Van Morrison
Van Morrison at Notodden Blues Festival.JPG
Van Morrison på Notodden Bluesfestival 2013
Verkeleg namn George Ivan Morrison
Alias Van the Man
The Belfast Cowboy
Opphav Belfast i Nord-Irland
Fødd 31. august 1945 (72 år)
Belfast
Instrument vokal, gitar, munnspel, saksofon, klaverinstrument, trommer, tamburin, ukulele
Sjanger Rock, pop, blues, rhythm and blues, folk, blue-eyed soul, keltisk, rock and roll, jazz, softrock, country, skiffle, gospel
Aktive år 1958 til i dag
Yrke Songar-låtskrivar, musikar
Tilknytte artistar Them, Mark Knopfler
Plateselskap Decca, Bang, Warner Bros., London, Mercury, Exile/Polydor, Verve, Point Blank, Virgin, Universal, Blue Note, Lost Highway, Listen to the Lion/EMI, Manhattan
Nettstad www.vanmorrison.com

Van Morrison, OBE (fødd 31. august 1945) som George Ivan Morrison) er ein nordirsk songar-låtskrivar og musikar. Han har gjeve ut fleire kritikarroste album, som Astral Weeks og Moondance og konsertalbumet It's Too Late to Stop Now.

Han er blitt kalla «Van the Man» og starta den profesjonelle karrieren sin som tenåring seint i 1950-åra. Han spelte fleire instrument som gitar, munnspel, klaverinstrument og saksofon for forskjellige irske showband, og spelte dei populære hittane på den tida. Han vart kjend i midten av 1960-åra som frontmann i det nordirske R&B-bandet Them, som han spelte inn den klassiske garasjeband-songen «Gloria» med. Solokarrieren hans byrja med pophitten «Brown Eyed Girl» i 1967. Warner Bros. Records kjøpte han ut av kontrakten hans og gav han høve til å spele inn Astral Weeks i 1968.[1] Sjølv om albumet sidan skulle bli hylla, fekk det i starten dårleg kritikk, medan det neste albumet, Moondance, etablerte Morrison som ein stor artist,[2] og gjennom 1970-åra bygde han vidare på ryktet sitt med ei rekkje kritikarroste album og konsertar. Han har òg stundom samarbeidd med andre artistar, som Georgie Fame og The Chieftains.

Mykje av musikken til Morrison er basert på soul og R&B, slik som dei populære songane «Brown Eyed Girl», «Jackie Wilson Said (I'm in Heaven When You Smile)», «Domino» og «Wild Night». Ein stor del av katalogen hans består av lange, laut tilknytte, andeleg inspirerte, musikalske reiser som syner innslag av keltisk musikk, jazz, medvitsstraumstale, slik som Astral Weeks og mindre kjende album som Veedon Fleece og Common One.[3][4] I lag vert desse stundom kalla «keltisk soul».[5]

Morrison har mellom anna vunne Grammy-prisen seks gonger, Brit Award sin pris for «Outstanding Contribution to Music», og han er innlemma i både Rock and Roll Hall of Fame og Songwriters Hall of Fame.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Turner (1993). pages 86 – 90
  2. Eskow, Gary (1. april 2005). «Classic Tracks: Van Morrison's Moondance». mixonline.com. http://mixonline.com/mag/audio_van_morrisons_moondance/. Henta 19. januar 2015. 
  3. «SHOF: Van Morrison biography». låtskrivararshalloffame.org. http://www.låtskrivararhalloffame.org/index.php/exhibits/bio/C333S. Henta 19. januar 2015. 
  4. Ballon, John (28. desember 2008). «Musthear review: Veedon Fleece». musthear.com. http://www.musthear.com/reviews/veedonfleece.html. Henta 19. januar 2015. 
  5. Light, Alan (13. november 2006), The All-Time 100 Album, http://www.time.com/time/2006/100albums/0,27693,Astral_Weeks,00.html, henta 19. januar 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]