Nøklevann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nøklevann
innsjø
Noeklevann.jpg
Nøklevann ein sen sommarkveld
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oslo
Høgd over havet 164 moh
Areal 0,79 km²
Middeldjupn 34 m
Volum 7 56[1] km³
Wikimedia Commons: Nøklevann
Nøklevann.svg

Nøklevann er eit vatn som ligg i Østmarka i Oslo, ikkje langt frå drabantbyane Bøler og Bogerud.

Nøklevann har form av ein nøkkel, noko som mange meiner er grunnen til namnet. Derimot vart vatnet tidlegare kalla Miklivatn, av norrønt «mikill» som tyder «stor». Ein annan teori er derfor at «nøkle» er avleia av «mikill»,[2] og at Nøklevann tyder «Storvann».

Området rundt Nøklevann er eit populært turområde for innbyggjarane i Oslo, både sommarstid som vinterstid. Noko av årsaka til dette er den lette tilgangen, da vatnet ligg relativt nære T-banestasjonene Ulsrud, Bøler og Bogerud.

På slutten av 1800-talet vart det avgjort av Nøklevann skulle nyttast som drikkevatn. Ei demning vart bygd ved Rustadsaga, og då den stod ferdig i 1903 var vasstanden auka med fem meter. I 1923 vart demninga utvida, og vasstanden steig med ytterlegare to meter. Nøklevann var ein del av drikkevassforsyninga fram til 1983, da området vart frigjeve for alminneleg bruk. Framleis har vatnet status som reservedrikkevatn.

Løpet Nøklevann Rundt vert arrangert årleg av Bøler Idrettsforening. Løpstraseen er på omtrent åtte kilometer.

Baksida av 50-lappane i Noreg har eit motiv frå Nøklevann. Dette motivet viser augestikkarar og nøkkeroser.[3]

Busetnad rundt vatnet[endre | endre wikiteksten]

Nøklevann ligg godt innanfor markagrensa og har derfor ikkje busetnad rundt seg i dag. Det har derimot tidlegare vore fleire busette stader rundt vatnet.

Bråten[endre | endre wikiteksten]

Staden Bråten i vestenden var busett sidan mellomalderen. Frå 1700-talet høydre det til Oslo Hospital, før det i 1842 kom i privat eige igjen. Aker kommune kjøpte opp plassen i 1903 i samband med at Nøklevann skulle nyttast som drikkevatn, men Bråten var busett helt fram til 1960 då den siste busetjaren døydde. Året etter vart husa rive. I dag vert Bråten nytta som badeplass og godkjent bålstad.

Sarabråten[endre | endre wikiteksten]

Nøklevann ved Sarabråten
Foto: Axel Lindahl

Sarabråten var opphavleg ein plass under Rustad gard, då under namnet Jørgensrud. I 1856 vart Staden kjøpt av Thomas Heftye, saman med store delar av områda rundt.

Heftyefamilien omdanna Staden fullstendig, og bygde det om til sin sommarstad. Sarabråten vart i denne perioden ein populært utfartsstad for sosieteten i Christiania, og personar som Henrik Ibsen, Jonas Lie, Ole Bull, Andreas Munch og Sophus Bugge var alle gjester hos Heftye på Sarabråten.

Kronprins Carl (seinare kong Karl XV av Sverige og Noreg) var ein fast gjest ved Sarabråten. Carl var ein ivrig amatørmålar, og måla eit bilete av Nøklevann som i dag heng på Slottet i Oslo. Også kong Oscar II vitja Sarabråten.

I 1911 kjøpte kommunen Sarabråten av Heftye jr, på grunn av at Nøklevann var vorte drikkevatn. Dei fleste husa vart då rive. Det siste gjenverande huset ved Sarabråten gjekk tapt i ein brann i 1971.

Kattisa[endre | endre wikiteksten]

Kattisa var ein plass under Sarabråten. Han vart brukt som kvilestad for plankekøyrarar på veg frå Enebakk til Kristiania. Den såkalla Plankeveien gjekk forbi Kattisa, og vinterstid gjekk han over Nøklevann.

Serveringsstaden Kattisa måtte stengast i 1915 på grunn av at det låg for nære drikkevassreservoaret. Året etter vart bygningane rive.

Bremserud[endre | endre wikiteksten]

Bremserud var busett så langt tilbake som til 1350, og var lenge eit sjølvstendig bruk. Seinare kom det innunder Rustad gard. Bremserud ligg på austsida av Nøklevann.

Siste del av bruket vart nedlagt da Nøklevann vart omgjort til drikkevatn.

Rustadsaga[endre | endre wikiteksten]

Rustadsaga starta opp som eit sagbruk under Rustad gard på slutten av 1600-talet. Det var i drift helt fram til 1954. Det har òg vore spinneriverksemd ved Rustadsaga.

Bygningane er i dag eigd av Oslo kommune, og vert drive som sportsstove. Det er framleis privatbustad på staden.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet miljolare
  2. Nøklevann ro- og padleklubb: Fakta om Nøklevann
  3. Aftenposten: «Pirk, pengar og porto»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]