Bogerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bogerud
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg

Bogerud
59°52′32″ N 10°50′30″ E

Bogerud er ein drabantby (bustadsstrøk) søraust for Østensjøvannet og har namnet sitt etter Bogerud gard.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bogerud stasjon. Martin Linges veg i bakgrunnen.

Utbygginga av Bogerud kom etter at Østensjøbanen vart forlengd til Bøler i 1958 under prossessen med forlenginga til Bogerud og Skullerud i 1967. OBOS og Ungdommens selvbyggerlag stod for utbygginga av bustadsstrøket. Arkitektane bak bygginga var Thomas Tostrup og Tage Westh Christensen. Den norske Eterfabrikken vart grunnlagd på Bogerud i 1900. Sjølve garden tilhøyrde Laurentius kyrkje og hospital til han vart delt i 1831. Nordre Bogerud som vart frådelt i 1840 følgde seinare med i Bøler område. Søndre Bogerud eksisterer framleis som dagheim.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Bogerud kjem frå gardsnamnet Bogerud gard, der Bogerud kan ha opphav frå norrønt bugr, som tyder bog, bukt eller krok. Eventuelt kan bakgrunn for namnet vera ryddinga av bøketre, frå dansk bøg, eller bog.[2] Andre staving rud frå norrønt ruð, har tydinga nyrydningsgård.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Bogerud «sentrum» utgjer i hovudsak nokre få butikkar. Dei fleste av desse tilhøyrer Bogerudsenteret, som består av Bogerud Tekstil, Kiwi, eit tannlegesenter, sosialkontor, frisørsalong, blomsterbutikk, renseri og eit apotek. Bogerud T-banestasjon er like ved senteret, der det i tillegg er ein Narvesen og ein innvandrarbutikk.

Dei største gatene på Bogerud er Martin Linges veg, Paal Bergs veg, Bogerudveien og Stallerudveien. Barn som veks opp på Bogerud, går anten på Rustad eller Nøklevann barneskule. På Skullerud ungdomsskule vert desse blanda saman.

Som i dei fleste av drabantbyane i Oslo til aust er Bogerud prega av eit fleirkulturelt miljø, med mange barn og vaksne frå ulike land. I 2018 vart Bogerud gard og Bogerudsletta barnehage bygde om til ein stor og felles miljøbarnehage med solcellepanel på taket.

Kjende personar med tilknyting til Bogerud[endre | endre wikiteksten]

  • Rapartisten Arif
  • Fotograf Dag Thorenfeldt
  • Historikar Lars Thue
  • Professor emeritus Magnus Ulleland, i romansk (italiensk) filologi ved Universitetet i Oslo, kunstmalar og namngjeten for omsettinga si av Dantes Den gudommelige komedie.
  • Føretakseigar og gründer Egil Undrum med stort lokalt engasjement.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

  • Hovudpersonane i filmen Lasse & Geir er busette på Bogerud.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bogerud». Store norske leksikon. 30. desember 2012. Henta 30. november 2014. 
  2. «Bøk». Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. 28. mai 2013. Henta 30. november 2014.