Andreas Munch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Munch
Andreas Munch.png
Fødd 19. oktober 1811
Christiania
Død

27. juni 1884
Vedbæk

Andreas Munch på Commons

Andreas Munch (19. oktober 181127. juni 1884) var ein norsk byråkrat, skribent og forfattar. I samtida vart Munch rekna som tidas fremste diktar; i dag er han mest kjend for diktet Brudeferden i Hardanger. Munch er ein representant for nasjonalromantikken og norsk poetisk realisme.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Han var son til presten Johan Storm Munch. 11 år gammal flytta han med foreldra til Kristiansand, etter faren var utnemnd til biskop. I 1830 reiste han til universitetet i Christiania. Etter å ha tatt examen artium og examen philosophicum vende han tilbake til Kristiansand sommaren 1831. Familien flytta til Christiania etter faren døydde i 1832. Andreas Munch arbeidde som skulelærar til han vart kopist i Finansdepartementet.

Munch gav ut si fyrste diktsamling i 1836. Året etter vann han ein pris for dramaet Kong Sverres Ungdom. Ved hjelp av prispengane reiste han utanlands for fyrste gong; han budde to månader i Paris og reiste heim gjennom Tyskland.

Han byrja å skrive teaterkritikkar for avisa Den Constitutionelle, seinare kom han med i redaksjonen. Munch fylgde Welhaven si estetiske linje og høyrde såleis til ei høgreorientert romantisk retning. Han vart så eigar av bladet, og slutta i Finansdepartementet. Alt året etter selde han avisa og reiste utanlands. Eit heilt år var han i Frankrike, Italia og Tyskland, før han vende tilbake til Noreg hausten 1847.

I 1848 gav han ut to diktsamlingar, fyrst Digte, gamle og nye, og så Billeder fra Nord og Syd. Etter ei sorgtung tid, med dødsfall i familien, kom diktsamlinga Sorg og Trøst i 1852. I mellomtida hadde han vorte utnemnd til amanuensis ved universitetsbiblioteket i Christiania.

Dei komande åra skreiv Munch si fyrste tragedie, Salomon de Caus (1854), det historiske skodespelet En Aften paa Giske (1855) og diktsamlinga Digte og Fortællinger. Tragedien Lord William Russell var ein suksess då det vart oppført i Christiania vinteren 1857. Det vart framført på årsdagen for Noregs grunnlov den 17. mai 1858, med kronprins Karl mellom publikum. Seinare vart det spelt i Stockholm. Stykket vart også oversett til tysk og framført i Tyskland.

I 1860 løyvde Stortinget han løn som dosent, utan han måtte forelese. Seks år seinare vart han professor. Diktinga til Munch spelte etterkvart ei mindre rolle, då interessa for nasjonalromantikken dalte. Han gav ut det nasjonalromantiske dramaet Hertug Skule same året som Henrik Ibsen gav ut Kongsemnerne. Dramaet til Munch kom heilt i skuggen, og han deltok mindre og mindre i kulturlivet.

Munch døydde i Vedbæk på Sjælland i Danmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]