Nøttemuslingkreps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nøttemuslingkreps
Nøttemuslingkreps Foto: Markus Lindholm, Anders Hobæk/Norsk institutt for vassforsking
Nøttemuslingkreps
Foto: Markus Lindholm, Anders Hobæk/Norsk institutt for vassforsking
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Muslingkreps Ostracoda
Orden: Podocopida
Familie: Cyprididae
Slekt: Cyclocypris
Art: Nøttemuslingkreps C. ovum
Vitskapleg namn
Cyclocypris ovum

Nøttemuslingkreps (Cyclocypris ovum) er muslingkreps med ein storleik på kring 0,5 millimeter, noko som gjer han til ein av dei minste muslingkrepsane som finst i Noreg. Han har ein tydeleg pigmentert augeflekk. Namnet kjem frå den runde forma og brunfargen.

Nøttemuslingkreps kan festa seg til froskar, salamandrar og symjehåra til vassinsekt som blindpassasjerar. Soleis kan dei spreia seg til nye vatn og dammar.

Nøttemuslingkreps har like kjønn og dannar berre éin seintveksande ættled i året. Fullvaksne individ finst til alle årstider.

Ved større konsentrasjonar kan nøttemuslingkreps vera viktig føde for småfisk. Nokre populasjonar av harrDovre er observerte å nøttemusklingkreps som viktigaste føda på forsumaren.

Nøttemuslingkreps har vid økologisk toleranse og lever i bortimot alle vasstypar i Noreg, både til fjells og i låglandet, frå Finnmark til Lindesnes.

Nøttemuslingkreps som har fest seg til halehåra til ein ryggsymjar
Foto: Øyvind Enger
Reinsebeinet hjå nøttemuslingkreps
Foto: Markus Lindholm, Anders Hobæk/Norsk institutt for vassforsking

Kjelder[endre | endre wikiteksten]