N.I.B.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
N.I.B.
Song av Black Sabbath
frå albumet Black Sabbath
Utgjeve 13. februar 1970
Sjanger Heavy metal[1]
Lengd 6:07
Selskap Vertigo
Komponist Tony Iommi
Låtskrivar(ar)
Produsent Rodger Bain

«N.I.B.» er ein song gjeven ut av det engelske heavy metal-bandet Black Sabbath. Han kom først ut som det fjerde sporet på debutalbumet deira Black Sabbath. Teksten er skriven i eg-form frå synsvinkelen til Lucifer. Bassisten Geezer Butler, som skreiv songteksten, har sagt at «songen handla om djevelen som forelska seg og forandra seg totalt og vart eit godt menneske.»[2]

Tittel[endre | endre wikiteksten]

Songtittelen har lenge vore ei kjelde til spekulasjonar, og nokre fans har gjennom åra tolka tittelen som «Nativity in Black» eller «Name in Blood». Tidleg på 1990-talet hevda Geezer Butler at tittelen var ein referanse til skjegget til trommeslagaren Bill Ward på den tida, som bandkameratane meinte så ut som ein pennespiss (nib på engelsk).[3] Ifølgje Butler: «Opphavleg var (tittelen) Nib, som var skjegget til Bill. Då eg skreiv N.I.B., kom eg ikkje på nokon tittel til songen, så eg kalla han berre Nib, etter skjegget. For å gjera den meir spennande sette eg inn teiknsettingteikn for å gjera han til N.I.B. Då han kom til USA, omsette dei han til «Nativity in Black».

Sjølv om «Nativity in Black» er ein omstridd tittel, vart han seinare brukt på eit par hyllestalbum for Black Sabbath gitt ut i høvesvis 1994 og 2000.

Overversjonar og annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Ugly Kid Joe spelte inn sin cover av «N.I.B.» til hyllestalbumet Nativity in Black, etterfølgd av Ozzy Osbourne og PrimusNativity in Black II. Den sistnemnde versjonen nådde andreplassen på Billboard Hot Mainstream Rock Tracks i oktober 2000. [4] Denne versjonen finst òg i plateboksen Prince of Darkness av Osbourne. Storm Large spelte òg ein cover i 2014 på albumet sitt Le Bonheur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Monger, James Christopher. «Black Sabbath | Biography & History». AllMusic. Henta 11. august 2019. «Flush with eventual [heavy metal] genre classics like 'The Wizard,' 'N.I.B.,' and the aforementioned title cut, Black Sabbath was initially dismissed by critics» 
  2. Sitat frå dokumentaren The Black Sabbath Story: Volume One.
  3. «FAQ version 2.0». Black Sabbath. Henta 19. mai 2014. 
  4. «Primus Chart History». Billboard. Henta 26. juni 2019.