NM i skiskyting 1960

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i skiskyting 1960, den andre i rekka, vart avvikla sundag 24. januar 1960 i Sørkedalen i Oslo. Meisterskapen omfatta ei einaste øving, 20 km langrenn med fire innlagde skytingar à fem skot, to i liggande og to i ståande stilling.

20 km[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Lag Tid Treff
Gull Reidar Hjermstad Hernes IL 1.41.01 17
Sølv Jon Istad Voss Idrottslag 1.42.16 17
Bronse Arvid Nyberg Vestre Trysil IL 1.42.24 16
4. Ola Wærhaug Skedsmo 1.43.33 16
5. Per Westgård Hernes IL 1.45.27 14
6. Erling Bjørn Alvdal IL 1.45.34 15

Stad: Oslo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 1960.