Reidar Hjermstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reidar Hjermstad
Reidarzc.jpg
Fødd 10. oktober 1937
Elverum
Reidar Hjermstad på Commons

Reidar Hjermstad (fødd 10. oktober 1937) er ein norsk tidlegare langrennar, skiskyttar og friidrettsutøvar som var aktiv på nasjonalt toppnivå i perioden 1961 til 1973. Han var medlem av Hernes IL i Elverum.

Fremste prestasjonane[endre | endre wikiteksten]

I 1963 vann Hjermstad både 15- og 50-kilometeren under Lahti-spelen, femmila vann han med over tre minuttars margin til landsmannen Sverre Stensheim. For prestasjonane i Lahti vart han kåra til «Årets idrettsnamn» av Norske Sportsjournalisters Forbund. Hjermstads beste OL-resultat kom på femmila under OL 1972 i Sapporo, der han kom på fjerdeplass. Pål Tyldum og Magne Myrmo sikra norsk dobbeltsiger på distansen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1961: Nr 7 på femmila i Holmenkollen.
  • 1962: Nr 2 på femmila i Holmenkollen.
  • 1963: Vinnar av både 15-kilometeren og femmila i Lahti.
  • 1965: Nr 5 på 15 km i Lahti.
  • 1966: Nr 12 på 15 km i Lahti.
  • 1968: Nr 5 på femmila i Lahti, og nr 8 på femmila i OL i Grenoble.
  • 1969: Nr 8 på femmila i Holmenkollen.
  • 1971: Nr 3 på femmila i Lahti.
  • 1972: Nr 4 på femmila under olympiameisterskapet i Sapporo.
  • 1973: Nr 4 på femmila i Holmenkollen.

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1961: Bronsemedalje på femmila, Trondheim.
  • 1962: Nr 4 på femmila, Skein.
  • 1963: Gullmedalje på 15 km, Lørenskog, sølv på femmila i Kristiansand.
  • 1964: Gullmedalje på femmila, Bærum.
  • 1965: Nr 5 på 15 km, Fåberg.
  • 1966: Nr 11 på 30 km på heimstaden Hernes.
  • 1967: Sølvmedalje på tremila, Skorovatn.
  • 1968: Gullmedalje på 15 km, Bærum.
  • 1969: Gullmedalje på femmila, Alvdal.
  • 1970: Sølvmedalje på femmila, Meldal.
  • 1971: Bronsemedalje på femmila, Fåberg.
  • 1972: Nr 4 på tremila, Tydal.
  • 1973: Nr 5 på 15 km, Lillehammer.

I 1967 vart han norgesmeister i 3 x 10 kilometer stafett for Hernes IL.

Skiskyting[endre | endre wikiteksten]

1960: Norgesmeister i skiskyting i Sørkedalen, Oslo.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Han var også ein dyktig friidrettsutøvar, fekk mellom anna bronse i NM på 10 000 m i 1962 med tida 30.22,6. I friidrett tevla han først for Hernes IL, men i perioden 1963-68 representerte han IK Tjalve i Oslo. Hans personlege rekordar er 14.15,8 på 5 000 m (1964), og 30.02,0 på 10 000 m då han representerte Noreg i landskamp mot DanmarkBislett i 1962.

Han vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1963 og Holmenkollmedaljen i 1971.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar