Nadine Kleinert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nadine Kleinert


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 20. oktober 1975 (48 år)
Magdeburg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Nadine Kleinert (fødd 20. oktober 1975) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Magdeburg som tevla i kulestøyt. Ho vart europameister i øvinga i 2012, og vann elles tre VM-sølv, eitt OL-sølv og to VM-bronsar i tida 1999-2009.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kleinerts fyrste seniormeisterskap var VM 1997 i Aten der ho kom på sjuandeplass. To år seinare i Sevilla i 1999 tok ho si fyrste medalje då ho vart nummer to i VM. Same resultat oppnådde Kleinert ved VM 2001. Si tredje sølvmedalje vann ho ved dei olympiske leikane 2004 i Aten. Året før Aten-leikane vart ho nummer sju i VM, året etter nummer fire. I 2005 støytte ho for fyrste gongen over 20 meter med eit støyt på 20,06 m i Hannover.

Ved verdsmeisterskapen 2007 i Osaka fekk Kleinert bronsemedaljen, men under dei olympiske sommarleikane 2008 i Beijing enda ho på sjuandeplassen. Ved friidretts-VM 2009 i Berlin gjorde ho si beste tevling nokon gong då ho forbetra sin personlege rekord til 20,20 meter, noko som gjorde henne til sølvmedaljør bakom verdsmeister Valerie Vili frå New Zealand. I 2010 vart Kleinert nummer sju i EM og i 2011 nummer åtte i VM.

Den 29. juni 2012 vann Kleinert si fyrste og siste internasjonale gullmedalje. I europameisterskapen i Helsingfors vann ho med eit lengstestøyt på 19,18 m, og slo sølvvinanren med 27 centimeter. Derimot mislukkast ho å kvalifisere seg til kulefinalen under sommar-OL 2012 i London.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]