Nadir Rüstəmli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nadir Rüstəmli
Fødd8. juli 1999 (23 år)
FødestadSalyan
OpphavAserbajdsjan
Aktiv2016–
Sjangerrhythm and blues, opera, chanson
Instrumentvokal, piano
Verka somsongar

Nadir Rəşid oğlu Rüstəmli (romanisert Nadir Rustamli, fødd 8. juli 1999)[1] er ein aserbajdsjansk songar. I 2021 vann han den andre sesongen av The Voice of Azerbaijan, og han representerte Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Fade to Black».[2][3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rüstəmli vart fødd i Salyan, aust i Aserbajdsjan.[4] Som barn tok han pianotimar på ein musikkskule i heimbyen Salyan. I 2021 vart han uteksaminert frå Aserbajdsjans universitet for turisme og leiing, der han tok ein grad i bedriftsadministrasjon.[5]

Rüstəmli har delteke i fleire song- og talenttevlingar. I 2019 representerte han heimlandet i Youthvision International Song Contest, der han vart nummer to.[6][7] To år etter vann han den andre sesongen av The Voice of Azerbaijan.[7] I fyrste runde song han ein versjon av «Writing's on the Wall» av Sam Smith. To av dommarane snudde stolane, og Rüstəmli valde artisten Eldar Qasimov som mentor.[8] Qasimov vann Eurovision Song Contest 2011 med låten «Running Scared». I finalen 28. januar 2022 song Rüstəmli nettopp denne songen, og vann heile tevlinga med 42,6 prosent av telefonrøystene.[9]

I februar 2022 kunngjorde den aserbajdsjanske kringkastaren İctimai Televiziya at han hadde vald Rüstəmli til å representere landet i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Han deltok med songen «Fade to Black» og enda til slutt som nummer 16 av 25 i finalen.[10][11][12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Azerbaycan'ı Nadir Rüstemli temsil edecek». Eurovision Turkey (tyrkisk). 16. februar 2022. Henta 26. februar 2022. 
  2. «"Səs Azərbaycan" yarışmasının qalibi məlum olub - VİDEO». Oxu.Az (på aserbajdsjansk). 28. januar 2022. Henta 16. februar 2022. 
  3. «Nadir Rustamli will head to Turin for Azerbaijan 🇦🇿». Eurovision.tv (engelsk). 26. februar 2022. Henta 26. februar 2022. 
  4. «Nadir Rüstəmli is the chosen of Ictimai for Eurovision 2022». Oikotimes. 16. februar 2022. Henta 16. februar 2022. [daud lenkje]
  5. «Səhər Mərkəzi - Cavid Məmmədov, Nadir Rüstəmli, Eldar Qasımov». Xəzər Media. 4. februar 2022.  Unknown parameter |lang= ignored (|language= suggested) (hjelp)
  6. aquaviridis (23. mai 2019). «Nadir Rüstəmli “Youthvision”-da Azərbaycanı təmsil edəcək». Frame.az (på aserbajdsjansk). Henta 16. februar 2022. 
  7. 7,0 7,1 «Azerbaijan: Nadir Rüstəmli to Eurovision 2022». Eurovisionworld (engelsk). 16. februar 2022. Henta 26. februar 2022. 
  8. «Nadirin qalib seçilmə anı!». Olay.az (på engelsk). Henta 16. februar 2022. 
  9. «"Səs Azərbaycan"ın qalibi bəlli oldu - son xeberler». Sonxeber.az (på aserbajdsjansk). Henta 16. februar 2022. 
  10. «Nadir Rustamli will head to Turin for Azerbaijan 🇦🇿». Eurovision.tv (engelsk). 26. februar 2022. Henta 26. februar 2022. 
  11. «Fade to Black: Azerbaijan's Nadir Rustamli shares Eurovision 2022 song and music video». wiwibloggs (engelsk). 21. mars 2022. Henta 31. mars 2022. 
  12. «Nadir Rustamli - Azerbaijan - Turin 2022». Eurovision.tv (engelsk). Henta 19. mai 2022.