Naftali Temu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Naftali Temu
Naftali Temu 1968.jpg
Naftali Temu i 1968
Fødd 20. april 1945
Nyamira fylke
Død

10. mars 2003
Nairobi

Yrke maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Naftali Temu på Commons

Naftali Temu (20. april 194510. mars 2003) var ein kenyansk langdistanseløpar som i 1968 vart den fyrste olympiske meisteren frå landet sitt.

Temu tok i 1965 sølvmedaljen på 5 000 meter under dei aller fyrste panafrikanske leikane, landsmannen Kipchoge Keino vann løpet. Året etter, under Samveldeleikane 1966 i Kingston i Jamaica, slo Temu verdsrekordhaldaren Ron Clarke og sigra i 6-miles-løpet.

I 10 000-meterløpet under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen var det einast etiopiaren Mamo Wolde som makta halde same tempo som Temu, men femti meter før mål avgjorde Temu løpet til sin fordel med ein kjapp spurt. Vinnartida 29.27,4 var heilt nøyaktig eitt minutt bak hans personbeste på distansen, Wolde fekk 29.27,7. Fire dagar seinare sprang Temu inn til bronse på 5000 meter. Til sist i leikane deltok han også i maratonløpet, og enda på 19. plass.

Temu sette sine endelege personlege rekordar på mila og halvmila i 1971-sesongen; høvesvis 28.21,8 og 13.36,6. Han vart slått ut i forsøket på 10 000 meter då sommarleikane 1972 fann stad i München.

Temu, som var frå Nyanza-provinsen i det vestlege Kenya, vart tildelt ein farm av presidenten i landet og busette der. Han døydde av prostatkreft på eit sjukehus i Nairobi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]