Namnet Israel
Hopp til navigering
Hopp til søk

Mynt slått under Israel av Aksum.
Israel er eit mannsnamn av hebraisk opphav som skal tyde Guds kjempe eller Gud kjempar.
Namnet har aldri vore mykje bruka i Noreg, og har dei siste åra gått mest heilt ut av bruk:
- I 1801 var det etter folketeljinga 104 som oppgav dette namnet
- I 1900 var det etter folketeljinga 116
- I 2007 var det 12 med namnet Israel, av dei 6 med Israel som einaste førenamn.
Israel som bibelsk namn[endre | endre wikiteksten]
I eit syn møtte patriarken Jakob Gud som gav han namnet Israel.[1] Jakob, eller Israel, er rekna som stamfar til jødane, Israelsfolket.
Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]
- Israel av Aksum (500-talet), etiopisk konge
- Israel ben Eliezer, Bal Sjem Tov (1698–1760), rabbinar rekna som grunnleggjaren av hasidisk jødedom
- Israel Gottlieb Wernicke (1755-1836), musikar, komponist og musikklærar frå Bergen
- Israel Isidore Baline, Irving Berlin (1888–1989), amerikansk komponist
- Israel Ruong (1903-1986), svensk pitesamisk språkforskar
- Israel Gelfand (1913-2009), russisk matematikar
- Israel Shahak (1933–2001), polsk-israelsk kjemikar
- Israel Horovitz (f. 1939), amerikansk forfattar
- Israel Shamir (f. 1947), forfattar og holocaust-fornektar
- Israel Kamakawiwoʻole (1959-1997), amerikansk musikar frå Hawaii
- Israel Castro (f. 1980), meksikansk fotballspelar
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Israel hjå Statistisk Sentralbyrå