Namnet Kristen
Utsjånad
Kristen eller Christen er norske former av namnet Kristian, frå latinsk christianus, som tyder 'kristen'. I Noreg er namnet eit mannsnamn, i engelsktalande land kan namnet òg verte bruka som kvinnenamn.
I Noreg har Kristen namnedag 14. mai.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Bruken av namnet gjekk jamt attende gjennom heile 1900-talet.
- I folketeljinga i 1801 vart 6831 personar manntalsførte med namnet i skrivemåtane Chresten, Chrissten, Christeen, Christen, Cresten, Kresten, Kristen
- I folketeljinga i 1900 vart 5297 manntalsførte med namnet i formene Chresten, Chrissten, Christeen, Christen, Cresten, Kresten, Kristen
- I 2008 er det 951 som har Kristen til første fornamn, 229 heiter Christen.
Kjende personer med namnet
[endre | endre wikiteksten]- Christen Mølbach (1766-1834), Eidsvollsmann
- Christen Tidemand (1779-1838), norsk stortingsmann
- Kristen Nygaard (1926-2002), norsk politikar
- Kristen Gislefoss (f. 1954), norsk meteorolog
- Kristen Skjeldal (f. 1967), norsk langrennsløpar
Sjå òg:
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Kristen hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Andre kjelder:
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4