Christen Mølbach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christen Mølbach
Christen molbach.jpg
Fødd 8. november 1766
Kristiansand
Død

7. juli 1834
Eigersund kommune

Christen Mølbach (8. november 17667. juli 1834) var ein norsk kjøpmann, eidsvollsmann og stortingsmann.

Mølbach var fødd i Kristiansand, der faren var kjøpmann. Sjølv var han ei tid sorenskrivarfullmektig, men tok så til som kjøpmann i Eigersund.

I 1814 var han utsending frå Stavanger amt til riksforsamlingaEidsvoll. Han slutta seg der til unionspartiet.[1] Ti år seinare var han stortingsrepresentant frå same amtet. Han var då medlem av Lagtinget, og mellom anna av justiskomiteen.

I 1814 budde Mølbach i lystgarden Nesgård i Egersund. Etter jarnbaneutbygginga vart hovudbygninga først nytta som stasjon og seinare rive.[2]

Mølbach døydde i Eigersund i 1834.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christen Mølbach (1766-1834). Eidsvoll 1814. Vitja 2015-11-20.
  2. Hans Eyvind Næss (2014) «Christen Mølbach og Nesgård i Egersund» – i: De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus (red. Jørn Holme), s. 359-360 – Cappelen Damm. ISBN 978-82-02-44564-5.